Kvinner i skjørt mot toppen

Sigrid Sandberg kjem til Gulen med den ferske boka si «Frykt og jubel i Jotunheimen».
Det er mange år sidan Sigrid Sandberg og resten av familien flytta frå Gulen, der mor hennar var prest.
Onsdag 27. januar er ho tilbake i Eivindvik for å presentera den nye boka si om fjella Hurrungane, vest i Jotunheimen og om folket som levde der frå urtida og fram til no. Du får høyra om moderne fjelltauser, mystiske jotnekvinner og dei første kvinnfolka som klarta i kjolar mot dei kvasse tindane.
LES OGSÅ: Ny krim frå Fedje
På nynorsk
Sist sommar klatra forfattaren sjølv mot dei kvasse tindane, og no vil ho ta publikum med oppover mot toppane i eit av dei farlegaste og vakraste fjellområda i Norge.
Tid til fjellpreik og boksignering vert det også.
Boka som er skriven på nynorsk, kjem ut på Skald forlag.
LES OGSÅ: Jonny Skjelvik gir ut si tredje bok på halvanna år
Kommentarer til denne saken