– Kult å sjå korleis dei levde

DET VAR ANNLEIS FØR: Kristin Vågenes (12) og Cecilie Røyseth (12), som går i 7. klasse på Manger skule, synest det var spennande å sjå utstillinga «Gryta hennar mor». ? Det var nok litt meir vanskeleg å leva på den tida, meiner Cecilie.

DET VAR ANNLEIS FØR: Kristin Vågenes (12) og Cecilie Røyseth (12), som går i 7. klasse på Manger skule, synest det var spennande å sjå utstillinga «Gryta hennar mor». ? Det var nok litt meir vanskeleg å leva på den tida, meiner Cecilie. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

RADØY: 7. klassingane på Manger skule synest det var spanande å sjå korleis ein heim såg ut på 1950 og 60-talet. – Det var nok meir slitsamt å leva den gongen, trur Cecilie Røyseth (12)

DEL

I samband med Kystsogevekene har Radøy Mållag, Radøy Sogelag og Manger Ungdomslag laga utstillinga «Gryta hennar mor» i ungdomshuset Solvang på Manger.

– Veldig annleis

Onsdag denne veka fekk 5.-, 6.- og 7. klassingane på Manger skule ei omvising på ungdomshuset, og det var tydeleg at dei synest det var kjekt å sjå korleis mellom anna eit typisk kjøkken og ei stove såg ut femti-seksti år tilbake i tid.

– Eg synest det var kult å sjå korleis dei levde i gamle dagar. Det var veldig annleis på den tida, og det er spennande å læra og sjå korleis ting var, seier Kristin Vågenes (12).

LES OGSÅ: Radøy-utstilling har vekt internasjonal merksemd

Ho meiner den største forskjellen på 1950-60-talet og no, er bruken av elektriske apparat.

– Før hadde dei ikkje mykje til å hjelpa seg med i huset, og det meste måtte gjerast for hand, fortel ho.

LES OGSÅ: Leikvoll fekk Stig Sæterbakkens minnepris

Det som overraska Kristin mest, var vaskemaskina.

– Den var heilt forskjellig frå det vi har no, og så måtte dei røra kleda med ein pinne, det var sikkert slitsamt, seier ho forundra.

«Det meste måtte gjerast for hand»

– Sånn har bestemor og

Cecilie fortel at ho kunne kjenna igjen fleire av tinga i utstillinga.

– Ja, mellom anna har eg sett ei kjøtkvern før, for sånn har bestemor ståande på sitt eige kjøkken.

LES OGSÅ: The United i Knarvik: – Eg byrja å grina!

– Men eg trur nok ikkje ho brukar si kjøtkvern no lenger, den står berre til pynt.?Det hadde vore morosamt om ho brukte den ein gong, seier 7. klassingen.

– Flinke til å stilla spørsmål

Anne Marie Stang, som er med i Radøy Mållag, hadde onsdag ansvaret for å visa Manger-elevane rundt på ungdomshuset.

– Dei er flinke til å stilla spørsmål, og dei er tydeleg interessert og nysgjerrig. Det synest eg er veldig bra, seier ho.

LES OGSÅ: Julia frå Eivindvik kan vinna Oscar-statuett

Ho fortel at det som forundrar elevane mest er utsjåande på møblane og alt det gamle elektriske utstyret.

– Det er fleire som har nemnd at dei synest vaskemaskina såg rar ut, og at strykejernet var veldig tungt, smilar ho.

Utstillinga vil og vera open søndag 16. september.

– Då er alle hjarteleg velkommen, vi sel både kaker og kaffi, seier Stang.

LES OGSÅ: Dag Otto Lauritzen i Nordhordland: – Pappa, du var meir tilstades når me budde i Belgia enn no

Artikkeltags