Konsert-draumen som vart sann

KJEMPEKOR: 400 born frå ulike kor i Nordhordland og Bergen stod på scena i Grieghallen søndag saman med Team Sulebakk og dei andre inviterte gjesteartistane søndag.

KJEMPEKOR: 400 born frå ulike kor i Nordhordland og Bergen stod på scena i Grieghallen søndag saman med Team Sulebakk og dei andre inviterte gjesteartistane søndag. Foto:

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

– Eg føler fortsatt det er ein draum, seier Barbro Wiig Sulebakk etter storkonserten søndag. 400 born og mange gjesteartistar fylte scena i Grieghallen saman med Team Sulebakk.

DEL

– Vi hadde eit håp om å få halvfull sal, men at vi nesten skulle fylla Grieghallen første gangen hadde vi ikkje rekna med, seier Barbro Wiig Sulebakk.

Med 1200 selde billettar var det ikkje mange seter ledige.

Med seg på scena hadde Team Sulebakk invitert mange kjende barneartistar som Lisa & Sofie Børud, Superbarna og Caromilie. Med fengande tonar, dans og song fekk dei fort opp stemninga i salen.

Bertine og Serlina frå Team Sulebakk leia oss gjennom konserten med stødig hand. Serlina er den som oftast leier konsertane til teamet, for Bertine var det første gongen ho leia eit arrangement.

Rørte alle
Dansaren Siren Godø og dottera Hennie (5) var med på to av songane til Team Sulebakk.

Dei to dansarane formidla historien i låtane på ein måte som gjekk rett i hjarterota til publikum, og då spesielt under songen «Velkommen hjem» der den imponerande framføringa til Hennie rørte alle i salen. Kombinasjonen av formidlande dans og musikk forsterkar kvarandre, og til saman gjorde det eit sterkt inntrykk.

Bondegangstere
Rap-duoen KløverKnekt og Skarre-R var og med på konserten, og skrudde opp steminga endå nokre hakk med sine to låtar.

Saman med dei ulike gjeste-artistane skapte dei flott breidde og variasjon i konserten.

Største barnekor
Grieghallen hadde funne fram alle korkrakkane dei kunne oppdriva, og klarte akkurat å få plass til alle dei 400 borna på scena. Det store koret var med på låtar frå alle gjesteartistane.

– Det har aldri stått eit så stort barnekor på scena før, så det var ingen som kunne seia oss kor mange det var plass til, seier Barbro Wiig Sulebakk.

– Det har vore utruleg gøy og lærerikt, seier Wiig Sulebakk om prosessen med å få til storkonserten.

– Vi har gjort alt sjølv, og det har vore ein stor jobb, men eg har ikkje følt det som jobb, seier ho.

Stor oppleving
– No når verkelegheita kallar blir det så mange inntrykk at det boblar inni meg, seier ho.

Mange av artistane som var med seier det er det største dei har vore med på.

– Vi reiser mykje kvar for oss, men ser på kvarandre som samarbeidspartnarar, ikkje konkurrentar. Å få gjera noko saman betyr utruleg mykje, seier Barbro Wiig Sulebakk.

­– Tanken vår var å laga eit opplegg som trefte barn og foreldre, men vi har og fått mange positive tilbakemeldingar frå tenåringar, seier ho.

Bestilt til neste år
Og etter suksessen søndag er Team Sulebakk ikkje i tvil om framhaldet.

– Grieghallen er alt bestilt til neste år, dette må vi berre halda fram med, seier Barbro Wiig Sulebakk.

Sjå bilde frå konserten her

Artikkeltags