Det blir show og mykje flott musikk når Melodi Grand Prix-vinnar Alexander Rybak entrar scena på Nordhordland folkehøgskule fredag kveld (kl.19.00). Han har med seg litt av eit kobbel.

Alexander Rybak får med seg far Igor og mor Natasja, som tok sonen med frå Kvite-Russland og flytta til Norge med sin musikk og øvingsdisiplin på flyttelasset.

"3 genersjoner Stanghelle"

Familien Rybak er slett ikkje åleine. Også familien Stanghelle er med på showet. Familiane Rybak og Stanghelle har halde sommarkonsertar ilag på Sørlandet i mange år. ”3 generasjoner Stanghelle” vart for alvor kjendisar etter å ha kome til finalen i Norske Talenter på TV2 i mai. Saman lagar desse to familiane eit fyrverkeri av ein konsert.

Det blir stor spennvidde også i alder – mormor Mathilde i Stanghelle-familien er nesten 93 og debuterte på Den Norske Opera i fjor.

Rybak-autograf

- Vi kan lova musikk for liten og stor, gamal og ung. Konserten byr også på eit møte mellom aust og vest, og eit møte med mange sjangrar. Ein konsert du ikkje må gå glipp av, seier Inger Johanne Ektvedt i Musikkens Venner Nordhordland.

Etter konserten signerer artistane CD som er til sals.

- Kva med autografen til Alexander Rybak under hodeputa fredag kveld, smiler Ektvedt.En konsert hvor alle utøverne synger, alle backer opp hverandre, en konsert du ikke må gå glipp av. Etter konserten vil artistene signere CD-er som er til salgs,

Leverte i lyngheiane

Knarvikmila, Musikkens Venner og Nordhordland Turlag starta "milkonsertane" med musikk og tradisjonsmat på Lyngheisenteret onsdag kveld - eit samarbeidsprosjekt for fjerde året.

Fiolinist Ragnhild Hemsing og pianist Tor Espen Aspaas – begge kjende utøvarar med internasjonal erfaring, leverte varene i lyngheiane. Publikum fekk høyra musikk av både norske og utanlandske komponistar.

Fyrverkeri

Torsdag kveld har Ragnhild Hemsing og Tor Aspaas med seg Hallgrim Hansegaard i dansekonserten YR, eit 70 minutts fyrverkeri av dans og musikk i Knarren i Knarvik vidaregåande (19.00). Hallgrim var ein av ”Frikarane” som dansa då Rybak vann Melodi Grand Prix.