Vaage fortel at Eikanger Bjørsvik Musikklag er i dialog med NRK med tanke på å få til eit opplegg med ein årleg julekonsert. Han understrekar at prosjektet så langt berre er på skissestadiet, men han har håp om at draumen skal la seg realisera.
Godt samarbeid
– Vi har eit godt samarbeid med NRK, og eg trur absolutt det kan vera interessant for kanalen å få til eit opplegg her i Knarvik, seier han.
LES OGSÅ: Borna innvia nykyrkja
– Vi har eit flott song- og musikkmiljø i regionen, med korps, kor og andre gode musikalske krefter som kan bidra i ein slik konsert. Og fasilitetane her i kyrkja ligg veldig godt til rette for å produsera og avvikla ein konsert, seier Einar Vaage.
Konsert-kyrkje
Han fortel at EBML også reknar med å bruka kyrkja til ein del av sine konsertar.
LES OGSÅ: Løyvde 1,2 millionar til kyrkja
– Korpset har lagt opp til fleire konsertar enn før, og vi ønskjer også å leggja fleire av konsertane ut att til Nordhordland. Kyrkja er blitt eit nydeleg bygg, som vi gler oss til å ta i bruk, seier Einar Vaage.