– Eg håpar det blir full fres, seier Ingeborg Holen frå Austrheim.
Ho sit heilt framme i båten, og var ein av dei første om bord, og det er ikkje tilfeldig.
– Det er framme det er verst, seier ho.
LES OGSÅ: Her stoppar politiet Havsportveka-konserten
Mora hennar, Ingjerd Holen, berre ler. Broren er nemleg likeins.
Det er dagens siste båttur, og ferda går langs kysten og rundt Fedje. I siste sekund kjem to passasjerar til. Dei har jobba frivillig på arrangementet heile dagen, og skal endeleg få slå ut håret.
Ville ikkje på barnetur
Ingeborg har vore på havrafting fire gonger før, og tek ikkje til takke med kva som helst.
– Barneturane er keisame. Då køyrer dei så sakte, seier ho.
I sommar har ho pumpa adrenalin i berg-og-dalbaner som kan få dei fleste til å skjelva av skrekk, og bodskapen hennar er enkel.
– Køyr så mor mi skrik.
LES OGSÅ: Stortrivst i kajakken, trass skummel debut
Dessverre for Ingeborg er det temmeleg roleg sjø, men på veg mot Fedje klarar likevel Hans Karsten Wergeland, deleigar og førar av båten, å kasta seg på nokre bølger. Før passasjerane får sukk for seg, er dei vektlause i eit tidelssekund, før båten drusar ned på sjøskummet igjen. Det kjennest som eit fall på minst tre meter.
–Dette var gøy, roper Ingeborg. Beina hennar når ikkje ein gong ned i golvet på båten. Sola er på veg ned, og Fedje er like flott som alltid.
Jomfrutur
Rib-turane under Havsportveka er utan tvil populære, og det kan ein godt forstå.
René Semmingsen, hadde med seg dottera Mathea (3) og kjærasten på ein timestur til Holmengrå. Det var første gong for heile gjengen.
– Det var ein fin tur. Kjempekoseleg, seier Semmingsen.
LES OGSÅ: No kan du bli med på havrafting til Troll-plattforma