Ingvald Eidsheim

Artikkelen er over 13 år gammel

Ingvald Eidsheim (1909-2002) var fullbefaren sjømann då krigen kom. Det skulle bli verdfull ballast for Lindås-mannen som vart skippar på KNA Hitra. Dei siste krigsåra gjorde han 45 farefulle tokt over Nordsjøen med Shetlandsbussen.

DEL

Han hadde alt som ung gut i fleire år reist i fraktefart og på fiske langs kysten og i fjordane. Seinare sette han kursen for langfart på dei store hav. Han kjende havet og var lommekjent mange stader på kysten, ikkje minste i sitt heimlege farvatn. Det skulle bli svært viktig.

Ingvald Eidsheim er ein av dei høgast dekorerte norske sjøoffiserar frå andre verdskrig. Han er mellom anna tildelt Krigskorset med sverd, den engelske DSO-orden, og den amerikanske Medal of Freedom.

Farefulle tokt

Ingvald Eidsheim gjorde 45 tokt over Nordsjøen med agentar, våpen og radioutstyr til Norge. Og på tilbaketuren vart hundrevis av flyktningar ført i sikkerheit frå tyskarane.

I ly av nattemørket, i storm og stor sjø, manøvrerte han skipet sitt forbi minefelt, tyske festningar og vaktbåtar. Dramatikken kunne ofte vera stor under dei mange turane frå Shetland til Norge. Som då Eidsheim i all hast måtte leggja ut frå basen i Scalloway litlejulafta 1944. Etter å ha passert det tyske minebeltet i Fensfjorden på veg mot Masfjorden, vart skipet angrepen av ein Junker 88 midt på dagen.

Dei kom seg unna, og fekk lossa mange tonn utstyr og våpen til dei norske styrkane i Masfjordfjella. På tilbaketuren hadde Hitra med seg to hemmelege agentar og ei gruppe på ikkje mindre enn 11 nordmenn som måtte koma seg unna Gestapo. Men før dei kom seg ut av norsk farvatn kom dei ut for endå eit tysk vaktskip. På heimturen var det gong på gong fly over dei, heldigvis allierte.

Aldri ute av kleda

På slike turar, der det omtrent gjekk slag i slag, var Ingvald Eidsheim aldri ute av kleda. Han heldt sin plass øvst på venstre bruvinge så lenge "Hitra" var i aksjon, skriv Odd Strand i boka om "Ingvald Eidsheim og hans menn på krigstokt over Nordsjøen".

Det vart gjort eit solid forarbeid framfor kvar einaste ekspedisjon. Kvar tur hadde sine kodenamn. Ingvald Eidsheim sin første tur med Hitra til Skorpo i november 1943 fekk dekknamnet Emperor, medan oppdraget vart kalla Vestige, som var namnet på gruppa dei skulle henta.

Han fekk namnet Olav

På ein av turane var det av heilt spesielle grunnar ein annan førar enn Eidsheim på Hitra. Han fekk halda seg i ro på basen i Scalloway då kona fødte ein son. Guten fekk namnet Olav, og det er ingen tvil om kven han var oppkalla etter. Eidsheim har seinare sagt at han var stasjonssjef Leif Hauge evig takknemleg for at han fekk vera saman med kona denne gongen.

Draumen i oppfylling

Ingvald Eidsheim hadde i mange år etter krigen gjort iherdige forsøk på å berga sitt gamle fartøy. Han prøvde å skapa forståing for verdien av å ta vare på i alle fall eitt av marinefartøya frå krigen.

Eit russisk ubåthavari i Karlskrona i 1982 gjorde opptakten til at Ingvald Eidsheim endeleg fekk oppfyllt draumen om igjen å få stiga om bord i " Hitra". På same staden låg nemleg ²Hitra² nedsøkt, med berre baugen og fordekket over sjøflata. Eidsheim sette raskt kursen mot Sverige for å forsikra seg om at det var hans gamle skip.

­ Eit sørgeleg syn, var hans første kommentar då han stod framfor det ein gong så stolte skip. Men han la raskt til at fartøyet er solid bygt og av førsteklasses materiale. ­ Vi må få skuta heim og få skikk på båten, sa han straks.

Kommandørkaptein

Etter krigen var Eidsheim i sivil nokre få år. Men frå sommaren 1948 var han igjen i uniform, denne gong som sjef på Hessa i Kristiansand. Eit år seinare vart han sjef på kongeskipet ²Norge², og frå mai 1950 til siste del av 1956 var Eidsheim ved Forsvarsstaben og kretssjef ved Marinekommando Sørland for det nyoppretta Sjøheimevernet.

Seinare gjorde han teneste under generalinspektøren for Heimevernet, og etter omorganisering av forsvarsleiinga i slutten av 1960-åra, vart han som kommandørkaptein beordra til avdelingssjef i HV-staben. Her hadde Eidsheim sitt virke til han søkte avskil to før pensjonsalderen for å kunna dyrka private interesser.

Det handla ikkje minst om restaureringa av "Hitra", eit arbeid som fekk si vellukka avslutning i 1987. Sjefen frå ²Hitra² kunne gå om bord igjen i sitt gamle fartøy i trygg forvissing om at dei begge hadde tent fedrelandet med heider, fastslår Odd Strand i boka om Hitra og Ingvald Eidsheim.

(Kjelde: "Hitra ­ Med Ingvald Eidsheim og hans menn på krigstokt over

Nordsjøen".)

Artikkeltags