Ikkje heilt som Julia

Artikkelen er over 11 år gammel

Julia Bache-Wiig frå Eivindvik spelar rolla som den opprørske Frida i NRK si storsatsing ”Størst av alt”. Frida finn bestefaren sin død, og reagerer ved å utfordra kjærleiken og sine nærmaste. Og Julia har forståing for den destruktive åtferda til rollefiguren sin. – Men sjølv er eg nok meir roleg og reservert enn Frida, seier ho.

DEL

22 år gamle Julia Bache-Wiig er aktuell i rolla som Frida i dramaserien ”Størst av alt” som no framover går på torsdagane på NRK. Rollefiguren hennar, 17-åringen Frida, finn bestefaren sin, ein kjend advokat frå ein respektert og velfungerande familie, død. Ho mister brått alt ho trudde på, og testar ut tilveret for å sjå om det er noko att som framleis betyr noko.

– Og i denne uttestinga er ho nøydd til å vera aktiv. Frida sin indre puls går opp. Det å få noko til å henda heile tida, vert hennar måte å takla situasjonen på, seier Julia. Tv-sjåarane vil kanskje sjå Frida si åtferd som ei flukt frå røyndomen, men Julia har forståing for karakteren sin.

– Det finst mange måtar å reagera på i ein slik situasjon, og for Frida er dette den einaste måten å overleva på. Åtferda hennar er kanskje irrasjonell, men ein kan ikkje synast synd på sin eigen karakter. Det får heller vera opp til andre å sjå henne som destruktiv, seier Julia.

I dei beste familiar

Sjølv om dramaserien tar utgangspunkt i noko så dramatisk som eit mord, trur Julia at serien har stor gjenkjenningsverdi for sjåarane. – Familien, som i utgangspunktet fungerer som ei sterk eining, vert splitta av den dramatiske hendinga, og det heile dreier seg om kva ein kan gjera når ein mister dette fundamentet, seier ho.

Tilbakemeldingane frå vener og kjende har også vore positive. – Dei tykkjer det er artig å sjå meg på skjermen. Men mange synest det er rart å sjå meg spela yngre enn eg er, og ikkje minst det at eg snakkar med austlands-dialekt, ler ho.

Førebilete som kollegaer

I ”Størst av alt” spelar Julia Bache-Wiig i lag med velrennomerte skodespelarar som Lise Fjeldstad, Gisken Armand, Kåre Conradi og Dennis Storhøi.

– Skodespelarane som er familien min i serien, er folk som eg har sett på der oppe på scena opp gjennom åra. Det var absurd å plutseleg skulle ha dei som mor og far, seier Julia. Men sjølv om det kan verka skremmande å plutseleg skulle ha menneske ein ser opp til som kollegaer, har dette utelukkande vore ei positiv oppleving for Julia. – Eg har fått tillit og blitt møtt med stor omsorg og varme frå alle på settet. Medspelarane mine er generøse og varme, og dei har fått meg til å kjenna meg trygg, seier ho.

Har gitt meirsmak

Innspelingsperioden føregjekk i løpet av fire månader i fjor, og Julia, som til dagleg går på 2. året ved skodespelarlinja ved NISS- Nordisk institutt for scene og studio, hadde delvis permisjon frå studia under innspelinga. Ho innrømmer at det var ei krevjande tid. – Det var også krevjande at det er så mykje motstand i Frida. Samtidig har ho mot, lidenskap og viljestyrke, seier ho. Likevel har erfaringane frå tv-serien absolutt gitt meirsmak, og ho kunne tenkja seg å jobba meir med tv og film. Men å måtte velja mellom film og teater, det veit ho ikkje om ho kunne ha gjort. – Det er to ulike uttrykk, og eg er glad i begge. Det eg likar best er at så mange ulike fagfelt treffast og jobbar saman mot eitt mål. Det å kunne skapa noko som betyr noko for andre, er heilt klart det beste ved yrket, seier ho.

Gulen-jenta har alltid vore interessert i skodespel og det å setja seg inn i andre menneske sine roller, og stortrivast med å formidla historier. Og no går det i ”Et dukkehjem”. – Vi jobbar med Ibsen på skulen for tida, og no framover er det her på skulen hovudfokuset mitt vil liggja, seier ho. Linja ho studerer ved er 3-årig, men til hausten skal halvparten av elevane silast ut. Og Julia skal gjera sitt beste for å få halda fram også på det siste året. – Eg håper at det er her ved NISS eg befinn meg også til neste år, seier ho.

Artikkeltags