- Humor viktigaste våpenet i kvardagen

VIKTIG VÅPEN: Humor er eit viktig våpen i kvardagen, seier mellom anna Gulen-ordførar Trude Brosvik (til venstre) einingsleiar Morgan Taule i Lindås og prosjektleiar Helge Dyrkolbotn frå Austrheim (bakerst).

VIKTIG VÅPEN: Humor er eit viktig våpen i kvardagen, seier mellom anna Gulen-ordførar Trude Brosvik (til venstre) einingsleiar Morgan Taule i Lindås og prosjektleiar Helge Dyrkolbotn frå Austrheim (bakerst).

Artikkelen er over 10 år gammel

Humørfestivalen opna.

DEL

Humor kan vera det viktigaste våpenet ein har i kvardagen, lærte kommunale utsendingar under Humørfestivalen sin opningskonferanse fredag.

Ingen utsendingar frå Terra-kommunane kom, men Gulen-ordførar Trude Brosvik deltok på konferansen.

- Eg kom for å visa at vi ikkje er fornærma, smiler ordføraren etter at kommunen hennar gjennom fråflytting og Sløvåg-ulukka har gjort seg fortent til særskilt invitasjon.

Vi møter Brosvik på bord med mellom anna Radøy-ordførar Jon Askeland, prosjektleiar Helge Dyrkolbotn i Austrheim og Morgan Taule som er einingsleiar for funksjonshemma i Lindås.

Og skal vi døma etter stemninga rundt bordet er det langt ifrå slik at kommunane manglar humør og glimt i auga.

-Vi har rikeleg med humor på kommunehuset. Faktisk er det slik at dei andre lurer på om eg ikkje er på jobb når dei ikkje høyrer meg, seier Brosvik. Ho slår fast at humoren har vore viktig for å halda oppe stemninga i ei tøff tid knytt til Sløvåg-ulukka.

- Her har vi lært at humor er den kortaste vegen mellom to menneske. Humor kan brukast til å skapa kontakt, og er dermed viktig i kommunikasjon, seier Radøy-kollega Jon Askeland.

Humor i omstillingsprosessar var eit av hovudtema, og dei to ordførarane slår fast at kommunane jo er i omstilling nærmast kontinuerleg.

-Mykje av det vi snakkar om her er ting som folk nok veit, men som det er nyttig å få poengtert. Humor kan vera ein døropnar i vanskelege situasjonar. Tenk berre motsett, kor løysingsorientert er ein dersom er sint?, seier Askeland.

Dei kommunale utsendingane er samde i at konferansen var svært nyttig, sjølv om det vart både spøka og ledd det meste av vegen.

- For å seia det slik, eg har vore på konferansar eg har opplevd mindre nyttige, seier Trude Brosvik.

Artikkeltags