– Himmelsk akustikk

HERLEG KLANG: ? For ein pianist har dette konsertlokalet ein herleg romklang, seier Rune Alver. Her akkompagnerer han sopranen Kjersti Wiik.

HERLEG KLANG: ? For ein pianist har dette konsertlokalet ein herleg romklang, seier Rune Alver. Her akkompagnerer han sopranen Kjersti Wiik. Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

LINDÅS: – Endeleg har Knarvik fått ein skikkeleg konsertsal.

DEL

Det seier pianisten Rune Alver etter å trylla fram vakre tonar på flygelet i Knarvik kyrkje søndag kveld. Etter vigslingsgudstenesta var katedralen klar til den store elddåpen som konsertlokale. Og kyrkjerommet bestod prøven med glans, fastslår Rune Alver.

– Akustikken er himmelsk. Her er det ein god del romklang, som er herleg for ein pianist, seier den kjende Lindås-pianisten, som hadde ein finger med i mykje av programmet under konserten.

Einar Vatne og Inge Alver losa publikum gjennom den eine musikalske godbiten etter den andre.

– Mine gjester sviktar aldri, sa Vatne, etter å ha introdusert Seim songkor. Koristane i 40-årsjubilanten leverte varene. Koret framførte mellom anna ein av sine store favorittar, «Salme 100» av Felix Bartholdy Mendelsohn.

Trombonekvartett opna

Ein trombonekvartett frå Eikanger Bjørsvik Musikklag gav konserten ei flott opning.

– No har EBML verkeleg fått eit framifrå konsertlokale til å spela i. Vi kjem heilt sikkert til å høyra mykje til korpset i full skala og til ulike ensemble i EBML, seier Inge Alver. Vår lokale sopran, Kjersti Wiik, akkompagnert av Rune Alver, hadde både nasjonalromantiske tonar, ”Ved Rondane”, og den mektige Adams-melodien ”Julsong” – betre kjend som ”O helga natt”, på sitt program.

– Eit fantastisk lokale å synga i. Og med eit så flott publikum vart dette ei mektig oppleving, seier Wiik.

Sterkt samarbeid

Rune Alver har i fem-seks år turnert med skodespelaren Toralv Maurstad, som gjorde inntrykk både med si humoristiske, sjølvopplevde historie som julenisse, og då han las ”Piken med svovelstikkene” og juleevangeliet etter evangelisten Lukas.

Alver framførte mellom anna parafrase over fleire kjende juletonar – med kjende komponistar som Egil Hovland og Geir Tveitt. Sistnemnde var representert med ”Jolasong”, som også er tittelen på CD-en med juleprogrammet som Alver og Maurstad har gitt ut.

Konserten i Knarvik kyrkje vart avslutta med ”Deilig er jorda”, - Maurstad resiterte første vers, Kjersti Wiik var solist på andre vers, medan heile salen reiste seg og song med på den store finalen.

Artikkeltags