Herborg og Linda i poesi-fest

FANTASTISK: Dette har vore ei fantastisk oppleving, seier Inger Johanne Lygre Øvstegard (midten), niesa til lyrikaren Aslaug Låstad Lygra, etter å ha opplevd blant andre Herborg Kråkevik og Linda Fosse. Sistnemnde står i spissen for Poesifestivalen på Lyngheisenteret denne helga.

FANTASTISK: Dette har vore ei fantastisk oppleving, seier Inger Johanne Lygre Øvstegard (midten), niesa til lyrikaren Aslaug Låstad Lygra, etter å ha opplevd blant andre Herborg Kråkevik og Linda Fosse. Sistnemnde står i spissen for Poesifestivalen på Lyngheisenteret denne helga.

Artikkelen er over 7 år gammel

Enorm spennvidde over Poesifestivalen på Lygra.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Lyngheisenteret på Lygra står i poesien sitt teikn i helga. I går var Herborg Kråkevik trekkplasteret, idag Odd Børretzen.

Det går frå høgdepunkt til høgdepunkt under Poesifestivalen i helga. Festivalen opna fredag kveld, og blir avslutta søndag ettermiddag.

Ein hyllest

Lørdag kveld var Herborg Kråkevik det store trekkplasteret med sin hyllest til Lindås-lyrikaren Aslaug Låøstad Lygre. For alle Odd Børretzen-fans er det mykje å sjå fram til søndag ettermiddag, han avsluttar festivalen saman med Liza Strindberg.

- Fagert er landet

- Det er inga overrasking kva song eg skal avslutta med. Då eg reiste ut hit i dette fantastiske landskapet i dag, var det heller ingen tvil kva eg skulle opna med, sa Herbjørg Kråkevik til dei mange frammøtte i det store sirkusteltet.

- Eg synest det kan vera fint å heidra Aslaug med nokre salmar, sa Kråkevik, som spelte på mange strenger under konserten.

Kråkevik opna med Fagert er landet, ein av tekstane på sin salme-CD, og sette naturleg nok punktum med Åslaug Låstad Lygre sin mest kjende tekst, ”Du skal ikkje sova bort sumarnatta”.

Fekk ikkje oppleva

- Diverre fekk Aslaug aldri oppleva at dette diktet, tonesett av Geirr Tveitt, vart ei av dei mest kjende og brukte visene i Norge, seier Linda Fosse, som er hovudpersonen bak Poesifestivalen på Lyngheisenteret.

Feiringa av Aslaug Låstad Lygre sin 100 års dag, er hovudinnslaget under festivalen. Linda Fosse viste si vakre reise i Låstad Lygre sitt liv og dikting vart vist lørdag, og står på programmet i dag.

Skjer mykje

Men det skjer utruleg mykje meir under Poesifestivalen. Begge dagar er det spennande føredrag om Haldis Moren Vesaas sitt liv og dikting.

Søndag blir det også eit møte med den populære Meland-forfattaren Haldis Reigstad, som skal lesa eigne dikt.

”Ein gartnar med ord” er tittelen på eit program om Olav H. Hauge, med dikt, song og musikk.

Hadet på badet

Lørdag fekk tilhøyrarane også møta Edvard Munch, med Øyvind Kjeksrud og Bjørn Warud som gav liv til vår mest kjende kunstmalar.

Duoen Roger Hillern og Helge Sveen underheldt både barn og vaksne med si førestilling ”Hadet på badet”, og dei slår til igjen også søndag ettermiddag.

Imponerande motorsag-kunst

Det gjer også to amerikanske motorsag-kunstnarar. Det er ein fryd for auga å sjå kva dei tryllar fram av flotte treskulpturar i løpet av koret tid.

Poesifestivalen byr også på ei rekkje andre spennande innslag og utstillingar.

Nh kjem tilbake med fyldig reportasje onsdag.

Artikkeltags