Delar av innspillinga vart gjort på kjøkkenet til Kjelstraumen vertshus.

- Eg fekk vera med i kulissane heile dagen, det var veldig kjekt å sjå korleis produksjonen går føre seg, fortel Hege Ramsland. Ho fekk spørsmål frå produksjonsselskapet ei veke på førehand om dei kunne låna kjøkenet, og sendte inn bilder av lokala så dei kunne sjå kva dei gjekk til.

- Dagen før kom Eivind Hellstrøm sjølv for å hilsa på og inspisera lokalet. Eg fekk litt skryt for at eg hadde så fin orden og system på kjøkkenet, fortel Ramsland.

- Det er ikkje så ofte han skryt av restaurantkjøken, så det var litt gøy. Ein i crewet sa at dette måtte eg berre ta til meg, seier ho.

Ein dag opptak att
I serien "Hellstrøm rydder opp hjemme" kjem mesterkokken på besøk til vanlege familiar som har utfordringar på kjøkenet. Kven som har hatt besøk i Austrheim vil ikkje produksjonsselskapet røpa heilt enno, det står att ein dag med opptak på Austrheim. Det er produksjonsselskapet Monster som står bak serien. Episoden frå Austrheim skal etter planen visast på TV3 i første halvdel av april.