Fleire hundre menneske hadde møtt opp i Mastrevikane, laurdag for å få med seg den årvisse Ta sjansen-konkurransen.

Vêret var perfekt og steminga på topp laurdag ettermiddag.

LES OGSÅ: Den frivillige ordføraren

Rundt ti farkostar stilte til start, inkludert eit utdrikkingslag. Men vinnaren som raskaste farkost bestod mellom anna av Øystein Johansen, som er med og arrangerer Havsportveka.

Han og lagkompisen Øyvind Brandtun klarte å komma seg ut til bjella på solide 12,4 sekund.

Best in show vart Frode og Bjarte Synnevåg med farkosten Ausekarane 2.

LES OGSÅ: Amin Askar: – Eg trudde me skulle krasja

Fiaskoprisen stakk karane bak farkosten Ubalanse av med.

Les meir om Havsportveka i neste utgåve av Nordhordland. E-avisa vår kan du kjøpa her!