Radværingen John Pettersen er ein høgt dekorert krigsveteran, men den norske deltakarmedaljen har han aldri fått, tiltross for at han både var sjømann i Handelsflåten frå 1939 til 1940 og gjorde ein imponerande innsats i 99. infanteribataljon under invasjonen i Frankrike.
Dette syntest Nordhordland Forsvarsforening var for gale, og i kulissene har det den siste tida vorte jobba hardt for å få orden i medaljesamlinga.
Tor Kåre Nilsen, Johannes Fosse og Fredrik Rongevær har gått i bresjen for at Pettersen skulle få medaljen sin, og då pensjonert kontreadmiral, Egil Eikanger, vart kopla inn i saka, gjekk det ikkje lang tid før medaljen var på plass.
Tirsdag kveld fekk krigsveteranen deltakarmedaljen sin i samband med sin eigen 95-årsdag. Utdelinga skjedde i sonen Stanley sitt hus i Salhus, med den næraste familie og gode vener til stades.
- To gongar tidlegare har eg delt ut denne medaljen, først til Ingebjørg i Skageneset og så til Kitty Helle. Begge gongane har eg måtte be om unnskyldning frå det offisielle Norge for at eg kjem for seint, men i dag er det verst. I dag kjem medaljen heile 70 år for seint, sa admiral Eikanger, som stod for utdelinga.
Ein tydeleg rørt Pettersen takka hjarteleg for medaljen, og understreka at dette er ein dag han set stor pris på.
Les meir om John Pettersen og medaljeutdelinga i Nh lørdag.