– Etter forestillinga vår på Frekhaug, kom me i prat med Kari Medaas, og ho inviterte Anlaug Børsheim bort for å spela på Petra, som fela heiter, fortel Claus Sellevoll.

Sellevoll og Børsheim spelar saman i stykket Dar kjem dampen, som er ein hyllest til Ivar Medaas.

Børsheim tok turen til Alversund, men noko fela fann dei ikkje.

LES OGSÅ: – Det var mer enn skjeglingen med Ivar Medaas

Etter litt fram og tilbake, har Kari kome på at ho har lånt vekk fela.

– Eg var så overlykkeleg over at eg fann den oppe på eit skap, bak nokre dyner, fortel Kari Medaas.

Omtrent samstundes kom det ein mann som skulle levera inn ein katt på kattepensjonatet hennar, og dei kom i tale. Etterkvart vart dei einige om at mannen skulle få spela på fela, då det var betre at den var i bruk, enn at ho berre låg der. Ho noterte namn og nummer på karen.

– Men så har eg 80-90 lappar, veit du. Så då er den kanskje vekke, innrømmer ho.

No har dei kontakta media og rykt inn rubrikkanonnse i Bergens Tidende i håp om at han som lånte fela skal melda seg.

– Kva er håpet dykkar?

– Det er at fela kjem fortast mogleg tilbakar igjen, for då har ho sagt me kan få bruka den under premieren på forestillinga vår på Lille Ole Bull, 18. september, seier Sellevoll.

LES OGSÅ: Tek Medaasen til bydn

For det er ikkje ei kva slags som helst fele. Det er den fela Ivar Medaas brukte då han slo igjennom i Oslo i 1960, og den som han brukte til han ikkje kunne spela meir i 1995. Fela frå Hardanger er over 100 år gammal, og har ein verdi på rundt 100.000 kroner.

– Det var den fela han spelte på då han møtte meg i leikarringen, seier Kari.

– Kva betyr det for deg å få igjen den fela?

– Det er omtrent som Olsenbanden går sigrande ut av filmen det. Det er ein stor siger, seier Sellevoll.

No ber han om at vedkomande som lånte fela tek kontakt snarast råd.

– Eg trur dette er ein mann med gode hensikter og har lånt den, seier han.

– Så du trur ikkje det er nokon som har nytta høvet til å sikra seg ein verdifull gjenstand?

– Nei, det trur eg ikkje, seier han.

18. september er det altså premiere for Dar kjem dampen i Bergen. Det ser Sellevoll fram til.

LES OGSÅ: Vinskvetten stakk av med årets Medaaspris

– Dette er det store. Om me ikkje vart tvinga ut av Bergen, så var me ikkje så ynskt i byrjinga av desse teatra. Men når me no har prøvespelt for desse sogningane og det har gått bra. Så er det ein slags siger å få komma til Bergen og få vist forestillinga fram til våre eigne, seier han.

Det er sett opp seks forestillingar, men det kan verta fleire om billettsalet går bra.

Seinsommaren har dei brukt til å turnera i Hordaland.

– I Fusa var me i eit hus, der trudde eg ikkje det budde eit einaste menneske i nærleiken. Men det var stappfullt, seier Sellevoll.

– Ove Thue sa at jo mindre plassane var, dess meir folk trakk Ivar og Kari Medaas. Han har eit godt namn, særleg i desse krinkelkrokane der ein ikkje trur det bur folk, sluttar han.

LES OGSÅ: Frisk strilehumor frå verdig Medaas-prisvinnar