– Kofter er så poppis for tida, så vi tenkte det hadde vore stas med eit eige design for oss frå Masfjorden og Gulen, seier Lene Hansen Kvamsdal.

Med på laget

Både Masfjorden og Gulen kommune er med på laget, og vil gjerne hjelpa til med å få eige koftedesign.
 

– Vi tenker å lage to forskjellige kofter, ei frå Masfjorden og ei frå Gulen, fortel Kvamsdal.
 

– Vi begynte med å undersøke om det fanst noko slikt frå før, men fann ut at det var det ikkje. Og det må vi jo ha.

Ønsker innspel

– Vi håpar at folk vil komme med forslag og innspel på korleis denne kofta skal sjå ut, både når det gjeld fargar og mønster, seier Kvamsdal, og synest godt den kan ha innspel frå kommunane dei skal representere.
 

– Skal dei til dømes vere blå, slik som fjordane og alt regnet?

Seinsommaren

Ripsdamene ser for seg at designet skal vera klart til utpå seinsommaren.
 

– Det er jo litt å gå igjennom. Vi skal gå igjennom alle forslaga som kjem inn, gjerne i samarbeid med kommunane. Så har Hillesvågen ullvarefabrikk sagt at dei vil hjelpe med å sette saman ideane som vi har valt, fortel Kvamsdal.
 

– Vi håpar å ha mønster klar til seinsommar eller tidleg haust.

Rips, Garn og Interiør

Ripsdamene skapte i fjor haust sin eigen arbeidsplass, ein liten nisjebutikk til glede for lokalmiljøet rundt dei. Butikken har lokale i Vidsyn, og er har blitt tatt godt i mot.
 

– Vi har hatt god respons på butikken vår. Mange er veldig positive, og synest det er fint med ein butikk med litt anna utval i enn det ein finn overalt, seier Kvamsdal. Spesielt garn går det mykje av, men også te og godteri.
Kvamsdal fortel at det har komme kommentarar på korleis dei skal få dette til, på ein slik liten plass, men at dei ser lyst på det.
 

– Vi må jo berre prøve oss, og sjå korleis det går.