Dronning av Steinsfjellet

182 turar: I fjor kunne Linda Westervik skilta med 182 turar på Steinsfjellet, og fekk dermed tildelt den gjeve tittelen. PRIVAT FOTO

182 turar: I fjor kunne Linda Westervik skilta med 182 turar på Steinsfjellet, og fekk dermed tildelt den gjeve tittelen. PRIVAT FOTO

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

GULEN: Fjoråret enda bra for Linda Westervik, som fekk ei flaske konjakk og tittelen Dronninga av Steinsfjellet.

DEL

– Eg vart ganske overraska over å få overta tittelen, ler Westervik, som i fjor kunne skilta med 182 turar på Steinsfjellet.
 

– Den tidlegare kongen har hatt tittelen i eit par år no, så i fjor fann eg ut at han trengde konkurranse, fortel ho.

100 turar

Ho sette seg mål om 100 turar før konfirmasjonen til dottera, noko som i snitt tilseier i overkant av ein tur om dagen.
 

– Men så kom det to feriar der vi reiste vekk. Så då vart det mellom to og tre turar kvar dag fram til slutten av april.
 

Som regel går Westervik åleine, og brukar rundt 25 minutt på sommarstid.
 

– Om vinteren går det noko lenger tid. Og så er eg heise mørkredd, så om vinteren må eg ofte tvinge med meg mannen eller sonen min opp som følge, ler ho.

LES OGSÅ: Til Lometjørna kvar dag 

Sunn hobby

– Det vert litt slik at om eg ikkje kjem meg ut, vert eg rett og slett litt sur, seier ho.
 

– Ungane spør av og til om eg ikkje skal ta meg ein tur, då er det visst på tide. Ho prøver å få med seg fjelltrimpostane, men i fjor vart det så travelt.
 

– Eg måtte jo heim å passa på at ingen gjekk forbi meg, ler ho.
 

– Men det er klart ein kan verta lei av same turen kvar dag. No i haust var eg på Hestefjellet inne på Haugsvær, og det var ein veldig fin tur. Det er lurt å variera litt, seier dronninga.

Konkurranse

Dronninga og den tidlegare kongen av Steinsfjellet er naboar, og begge har tydeleg konkurranseinstinkt.
 

– Eg må halda det eg seier. Det enklaste hadde vel vore å passa munnen litt betre, seier Westervik.

40-årskrise?

– Og når eg i februar/mars i fjor høyrde at kongen hadde sagt at eg nok snart ville gå lei, ja då var kampen i gang.
 

– Eg er ikkje typen for nyttårsforsett, så det at eg hadde eit i fjor var nok 40-årskrisa som sette inn, fortel Westervik, som også i år har sett seg eit sprekt mål.
 

– Det blir same som i fjor, 100 turar før konfirmasjonen til sonen min. Då har eg nokre dagar ekstra i forhold til i fjor, men det er likevel harde bod, seier ho.
 

– Men på nyttårsaftan fekk eg melding om at eg hadde overteke tittelen, og at ei konjakkflaske venta, så då var det berre å køyra på med nye mål, avsluttar den spreke gulingen.

LES OGSÅ: Ligg ute med Hallvard

Artikkeltags