Gromme og gamle på rekkje og rad

Artikkelen er over 13 år gammel

Gamle, men intakte og strøkne doningar på rekkje og rad. Veteranvogn-folket frå Meland er på tur.

DEL

Chevrolet, Mercedes, Opel, Ford og Volvo feltvogn. Det var berre nokre av dei ni veteranvognene frå Meland veteranvognklubb som kjørde kortesje frå Holme til Lindås Brygge 1.mai.

- Veteranvognene blir ikkje brukt i tide og utide. Dei er nok mest til stas, det er ein lidenskap for spesielt interesserte, seier Ture Andersen. Han er medlem i Meland veteranvognklubb og kjører ein Volvo militærbil frå 1966. Han fortel at forsikringa er billeg, det same er årsavgifta, men kjørelengda er avgrensa til 5000 km for året med veteranvogna.

Veteranvognklubben såg dagens lys i 2002, og Ture Andersen seier dei legg opp til at 1.mai-turen skal bli ein årviss tradisjon.

- Denne turen er vårens vakraste eventyr for oss, i alle fall i solskinsver. Det var ei fantastisk fin oppleving, forsikrar han. Etter å ha lese om turen i avisa, var det fleire som ringde og ville vita når dei kom forbi.

Med eit par unntak gjekk dei gamle doningane prikkfritt. Eit par stopp måtte til for å gjera nokre mekaniske inngrep. – Det kjem godt med at vi har mekanikarar i forsamlinga. Det meste var fiksa på eit blunk, seier Ture Andersen.

Artikkeltags