Nh-redaktør Randi Bjørlo starta måndag på sin fire månadars fottur Norge på langs.
Lørdag starta Nh-redaktøren frå Lindesnes fyr med 16 kilo på ryggen. Målet er Nordkapp i slutten av august, og ruta går langs Norges langstrakte kyst.
Tre dagar etter at ho starta kan ho fortelja om mykje asfalt-tråkking, men strålande vêr og nokre fine naturopplevingar.
- Eg har treft fire nysgjerrige lamaar, dei var heldigvis inngjerda. Og eg har sett ein liten rådyrkalv. Elles er bløminga kome i gang, med massevis av løvetann, kvitveis og smørblomst, fortel redaktøren.
Årets første hoggorm har ho også sett, og sjansane er store for at ho får treffa ein del av den sorten på den lange fotturen. Redaktøren har valt å gå kystruta så langt det let seg gjera.
Overnatta i telt
Første dagen budde Bjørlo på hotell, og andre natta blei det telt. Ein stor overgang, men Bjørlo er budd på å slå teltet opp mange gongar i løpet av turen.
- Det var minus eit par grader på natta, men med godt telt og sovepose var ikkje det noko problem, seier ho.
Tursekken er forutan telt og sovepose, pakka med primus, klede, toalettsaker og ei god bok.
- Men den har eg ikkje opna enno, forsikrar ho.
Planen er å legga bak seg tre mil for dagen, seks dagar i veka. Ein kviledag i veka er eit must, og eit fint høve til å sjå meir av det stadane ho besøker har å by på.
- Rein ego-trip
Bjørlo har valt å gå kystvegen så langt det let seg gjera. No er ho fram til å vandra langs strendene på Jæren. Ei fylkesgrense er allereie passert, og Bjørlo ser fram til mange flotte naturopplevingar.
- Dette er noko eg har hatt lyst til lenge. For det første for å sjå om eg klarar å gjennomføra, og så trur eg at eg vil få mange flotte naturopplevingar undervegs. Det er ein rein ego-trip, og heilt utruleg deilig å gå her i eigne tankar og vita at ein ikkje skal gjera anna enn å gå, seier den elles svært så travle Nh-redaktøren.
Rundt nasjonaldagen reknar Bjørlo med å passera Bergen, før ho tek fat på postvegen nordover til Trondheim. Du kan følgja den spesielle gå-turen på våre nettsider; www.nordhordland.no