Full trøkk frå små og store

Artikkelen er over 7 år gammel

Korfestivalen ein kjempesuksess.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Det svinga til tusen då over 800 barn klemte til under korfestivalen.

– Dei lagar like mykje trøkk som om det skulle vore ein Bruce Springsteen-konsert, seier korgeneral Bjarte Leithaug.

- Det er stort å få synga saman med Melodi Grand Prix jr-vinnar Jørgen Dahl Moe, X-factor-kjendis Gabriella Leithaug og Hanne Krogh, var gjennomgangsmelodien mellom den unge garde.

Størst i landet

Festivalkonserten hadde rundt 2900 menneske innom dørene. Det finst festivalar med fleire barn, men ingen andre festivalar av denne typen har eit så stort publikum.

- Eg er utruleg glad for at alt har gått så knirkefritt, seier Bjarte Leithaug, som står bak denne kjempestore festivalen for tredje gong. Festivalen er til stor inspirasjon for dei mange som er med.

- Enkelte har spurd om eg er ein smule gal som går laus på eit så stort prosjekt. Det er utruleg gøy at festivalen har blitt ei skikkeleg markering av barnekor-gospel på Vestlandet.

Kor i 30 meter breidde

På ei 30 meter lang scene gnistra det av energi, glød og bevegelse.

Og det tok heilt av då Hanne Krogh fekk ungane og folk i salen med seg på ”La det swinge”. Då gynga det i salen.

- Det er ei ære og eit privilegium å få synga med eit slikt kor. Måtte Bjarte få muligheit til å fortsetja med denne fantastiske festivalen, som berre veks seg større og større, sa Hanne.

Ho fortalde om bestemora si, som var ein smule ”gærn”.

- Men utan henne hadde eg aldri kome til å stå på ei scene, sa Hanne, og i bestemora si ånd oppmoda ho dei unge songarane om å våga trakka opp sine eigne stiar og ikkje gi seg om det er noko ein vil.

Les meir om korfestivalen i Knarvik Magasin som kjem med Nh onsdag.

Sjå bilde frå festivalen her

Sjå TV Nordhordland-sending frå festivalen her

Artikkeltags