- Konkurrentane våre er store og rike, og har lagt millionar av kroner i sine bidrag, men det er nok kjekt å vera med uansett, seier Elin Folgerø Styve som har vore prosjektkoordinator for profileringsfilmen "From Nordhordland with love".

Filmen er no påmeldt i konkurransen om årets Gullblyant, i kategorien "profil". Og det er liten tvil om at konkurransen er svært tøff. Blant dei 32 konkurrentane er verksemder som SAS. Statoil ASA, Tine, Norwegian, Bama, VG og Forsvaret. Desse skal konkurrera om gull, sølv og bronse blyantar, i tillegg til at nokre bidrag kan bli heidra med diplom.

Vinnarane vert kåra og feira på Oslo Plaza fredag 2. mars.

Regionsprofilering

"From Nordhordland With Love" er laga på oppdrag frå Regionrådet Nordhordland IKS, med dagleg leiar som prosjektkoordinator. Regissørar og tekstforfattarar er Jade Hærem Aksnes og Stian Hafstad, medan August Sandberg er lydansvarleg.

Filmen vert presentert som ein informasjonsfilm som har til hensikt å promotera regionen Nordhordland generelt og særleg som ein attraktivt stad for unge menneske å etablera seg. Ønsket frå oppdragsgivar var å få med element som m.a. at Nordhordland ligg nært Bergen, har viktige arbeidsplassar, store bedrifter , gode vidaregåande skular, natur-og friluftsliv, arrangerer Havsportsveka og har prisvinnande brassband. Vidare var ønskjet ikkje ein såkalla "postkortfilm” berre med vakre naturbilde, men ein annleis og original informasjonsfilm som kunne skapa merksemd både hjå publikum og i media.

Utradisjonelle grep

Regissørane valte difor å laga ein utradisjonell informasjonsfilm med stor vekt på humor. Rammehistorien er at ein ond superskurk får hovedkvarteret sitt øydelagt, og treng ein ny stad å slå seg ned. Assistenten hans foreslår difor Nordhordland som ein perfekt stad som kan tilby alt det ein måtte trenga. På humoristisk vis vert dei ulike sidene ved Nordhordland presenterte gjennom superskurken sitt behov for eit nytt hovedkvarter. Fordi filmen har ein gjennomgåande storyline, vert informasjonen formidla lettare utan at publikum føler at dei vert pådytta informasjonen.

Filmen sin primære visningsarena er YouTube. Filmen har difor eit gjennomgåande høgt tempo, med stadig nye ting som overraskar sjåaren visuelt og handlingsmessig.

Fagfilmfestivalar

"From Nordhordland with love" deltek også i den internasjonale fagfilmfestivalen D & AD Awards (http://www.dandad.org)

og i den norske fagfilmfestilvalen Visuelt visuelt.org.