Gå til sidens hovedinnhold

Frivilligprisen til Berit

Artikkelen er over 14 år gammel

Berit Dyrkolbotn er kanskje ikkje det mest kjente namnet i Nordhordland, men i heimkommunen veit alle kven ho er. Søndag vart ho heidra med frivilligprisen 2006.

I grunngjevinga frå juryen heiter det at frivilligprisen skal gå til ein person som med sine idéar og/eller handlingar har betra trivselen og livskvaliteten for andre. Personen skal vera ein som med sine idéar og sitt pågangsmot har medverka til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn. Innsatsen som vert gjort må også vera på frivillig basis.

Dei som ikkje veit betre kunne nesten vorte lokka til å tru at grunngjevinga er laga på bakgrunn av arbeidet til nettopp Berit Dyrkolbotn. 64-åringen kan nemleg visa til ei merittliste som kan få sjølv det mest hardbarka dugnadsmenneske til å få hakeslepp.

Involvert i det meste

Berit har vore politikar og helselagsmenneske for å få til gode løysingar for bygdefolket. Ho har sete i kommunestyret, har vore, og er framleis formann i helselaget i Matre og Hausdalen og Masfjorden Helselag, samt styremedlem i fylkeshelselaget. Berit har også vore aktiv i idrettslaget Bjørn West.

Men det stoppar ikkje her. Den spreke masfjordingen har nemleg hatt ein finger med i spelet når det har vorte arrangert barneforeining, husmorferie, kyrkjeskyss, strikkekafè, hjartemarsj, romjulsmarsj, damebading, bøssebæring, slankeklubbar, songkor og blåturar i Masfjorden. Som om ikkje det er nok, har ho også tatt initiativ til å få i gang besøksteneste på aldersheimen, bussturar for damer på julehandel, fakkeltog med tenning av julegran, ungdomsklubb i Haugsdalen, utdeling av juleblomar til alle pensjonistar i kommunen, bowlingturar for eldre og utleige av alt frå krykkjer til tepperensmaskin!

Mållaus

Berit vart utvilsamt tatt på senga under adventssamlinga i kinosalen på Matre søndag kveld. Ordførar Håkon Matre presenterte prisvinnaren i diktform, der ho mellom anna vart omtala som ein engel som alltid stiller opp for andre, utan å klaga. Og sjølv om ho hevdar at ho har hatt god hjelp med mange av tinga ho har fått æra for, er det liten tvil om at årets frivilligpris i Masfjorden går til ein person som absolutt fortenar den.

- Dette er aldeles utruleg, overrumplande og kjekt. Tusen, tusen takk. Dette vart eg veldig glad for, seier Berit, til rungande applaus frå dei mange frammøtte.

- Det er ikkje ofte eg manglar ord, men dette var utruleg uventa, smiler eldsjela, som fekk både diplom og eit kunstverk i gåve frå kommunen.