Gå til sidens hovedinnhold

Frisk strilehumor frå verdig Medaas-prisvinnar

Artikkelen er over 8 år gammel

MELAND: – Ein eller annan plass sit Ivar og smiler og ser ned på oss, glad for at han har skapt denne møteplassen for strilekulturen, seier Dag Lindebjerg.

Ein nær fullsett festsal var møtt fram på Nordhordland Folkehøgskule for å heidra prisvinnar Claus Sellevoll under utdelinga av Medaasprisen 2013 på søndag.

Konferansier Dag Lindebjerg leia publikum gjennom arrangementet med ei stødig hand på roret.

– Eg er glad for at vi har ein sånn stad vi kan møtast, vi som sette så uendeleg stor pris på Ivar Medaas og den kulturen som han var så glad i, seier Lindebjerg.

LES OGSÅ: Claus Sellevoll får Medaasprisen

Prisvinnaren sjølv hadde ikkje så mange ord å seia, men retta ein stor takk til jury og komité for tildelinga.

– Eg vil takka Ivar Medaas for den innsatsen han gjorde. Det er hans forteneste at eg kan reisa til bydn og bruka dialekten min med heva hovud.

Respekt

­– Det står det respekt av, han stauka opp kloakken for oss, seier Sellevoll, til stor latter frå salen.

LES OGSÅ: Medaas-pris for "Fargespill"

Dei kulturelle innslaga stod i kø denne kvelden, og prisvin-naren var sjølvsagt delaktig i mykje av programmet. Claus Sellevoll viste til fulle kvifor han er ein verdig vinnar av Medaasprisen gjennom smakebitar av sitt store repertoar innan parodi, strilehumor og musikk.

Eit av dei mange høgdepunkta var ”Bymann og stril” framført saman med Ove Thue. Sellevoll leverte ein glitrande karakter som er skremmande lik originalen frå Ivar Medaas.

– Er det noko eg saknar i livet mitt, så er det dei ti åra eg fekk med Ivar Medaas, seier Thue.

Ungdomspris

Medaas ville fylt 75 år i år, og i det høvet vart prisen utvida med ein ungdomspris på 10000 kroner. Til slutt vart to kandidatar plukka ut, Bastian Helgesen Veland og Endre Rydland Vetås. Veland utgjer eine halvparten av bandet Ossicles som gav ut si debutplate i fjor.

LES OGSÅ: Olav Stedje fekk Medaas-prisen

Grunna halsonde vart det ikkje noko smakebit på musikken under utdelinga eller takketale, men prisutdelar Astrid Aarhus Byrknes kunne fortelja at prispengane skal brukast til neste Ossicles-prosjekt. Vetås er for tida på utanlandsreise, og foreldra tok i mot prisen på vegne av vinnaren.