Flatøy Rock i to dagar

FLATØY ROCK:?Festivalsjef Vegard Flatøy har på seg Flatøy Rock-skjorte og solskjerm. Dei første 20 som kjøper Flatøy Rock-pakka med skjorte, solskjerm og bærenett får også med ein dongerishorts. Fredag brakar det laus.  (Foto: Reidar Nævdal)

FLATØY ROCK:?Festivalsjef Vegard Flatøy har på seg Flatøy Rock-skjorte og solskjerm. Dei første 20 som kjøper Flatøy Rock-pakka med skjorte, solskjerm og bærenett får også med ein dongerishorts. Fredag brakar det laus. (Foto: Reidar Nævdal)

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Til helga dundrar Flatøy Rock i gang igjen, i år større enn nokon gong.

DEL

- No byrjar alt å kome på plass, og vi har fått nokre lokale Flatøy-folk til å stille som vakter. Eg set veldig stor pris på at lokalmiljøet stiller opp, seier Vegard Flatøy.

Det er femte år på rad at han arrangerar rockefestivalen. Dei første åra fann konsertane stad heime i hagen til foreldra, men dei to siste åra har Flatøy Rock blitt flytta til gamleskulen på Flatøy, der det er betre plass.

- Det har jo vakse år for år, men vi har halde på det som er Flatøy Rock: Det skal vere eit humørfylt konsept med framstormande, unge artistar, seier Vegard Flatøy.

Dobbel moro

For fyrste gong varer festivalen no i to dagar.

- Folk vil ha Flatøy Rock ei heil helg, og to dagar er dobbelt så moro, seier Flatøy.

Fredag vert eit mindre, meir intimt arrangement der det ikkje er så mange billettar tilgjengeleg.

Her spelar Public Witness Orogram, Monstereo, Jonny Bayer, Girl Army og Knekklectric. Lørdag er det derimot plass til både fleire folk og fleire band, og på scena står Social Suicide, A-laget, Mollygogo, Ekkolodd, SS Normandie, Vegard Flatøy Band, Still Shaking og Freddy Caused Pain.

Flatøy er spesielt nøgd med at rockarane i Social Suicide kjem tilbake til festivalen.

- Bandet har fått terningkast fem og seks i både norske og internasjonale medium. Social Suicide starta på den første Flatøy Rock-festivalen, og sidan den gong har gruppa blitt stor og reist rundt i heile Europa. No kjem dei tilbake til Flatøy, der karrieren starta, seier han.

Deltakar, ikkje gjest

- Du er ikkje festivalgjest på Flatøy, du er festivaldeltakar. Mange har eit eigarforhold til Flatøy Rock, seier arrangøren.

Han trur festivalen i seg sjølv blir høgdepunktet.

- Det er sjølve festivalen som er headlineren. Flatøy Rock har kameratsleg preg, og folk bestemmer seg gjerne for å komme før dei ser kven som spelar. Vi bookar ikkje nødvendigvis dei største og mest kjende artistane, men har det alltid gøy, seier Flatøy som trur mange gler seg til helga.

Artikkeltags