Fiskelukke på Fedje

Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

FEDJE:Trass i færre fiskarar og færre boder enn ynskjeleg, var årets fiskefestival på Fedje nok ein suksess.

DEL

– Det er dette som er livet, veit du, seier ein nøgd Dagfinn Konge-støl.

Saman med son sin, Martin, har den utflytta fedjingen nett komme inn til lands etter fleire timar på fiske.

– Kjem for å treffa kjende

Med seg i fangsten hadde dei mellom anna ein torsk på litt over åtte kilo. Den var stor, men ikkje stor nok til å vinna årets konkurranse.

SJÅ OGSÅ: Fiskefestival på Fedje 2014

Kongestøl bur i Rogaland for tida, men kjem heim til Fedje når det høver seg.

– Vi kjem heim her no for å fiska, og å treffa masse gamle kjende som og kjem heim og som ein får snakka med etter gammalt, seier han.

Dei to var blant dei 95 påmelde båtane til årets fiskekonkurranse.

Vinnar vart Jarle Lauritsen og Helge Stokholm med ein torsk på 13,3 kilo, tatt på Nordre Revet.

– Det var ikkje så gale dette, men det kunne vore betre, seier Lauritsen sjølv i det han kjem til land igjen.

LES OGSÅ: Berre nesten...

Han er fyrste båten som kjem inn igjen, etter fire-fem timars fiske.

– Kjende ikkje halvparten

Og det er ikkje for moro dei er med på fiskekonkurransen.

– Er det konkurranse, så er det konkurranse, sluttar han.

Årets festival gjekk over tre dagar, og byrja med eit arrangement på stranda fredagen. Berre der var det rundt 250 påmelde.

– Det var så masse folk der, at eg kjende ikkje halvparten, seier Stian Herøy frå idrettslaget, som arrangerte festivalen.

Artikkeltags