Fekk smaken på steinalderen

SPENNANDE: -Det er spennande å læra om steinalder-menneska, seier Evie Kalnes Dencker, som her prøver seg med kastevåpenet "atl atl".

SPENNANDE: -Det er spennande å læra om steinalder-menneska, seier Evie Kalnes Dencker, som her prøver seg med kastevåpenet "atl atl".

Artikkelen er over 8 år gammel

På jakt med "atl atl".

DEL

Med kastevåpen i hand har dei fått prøva seg som steinalderfolk, og dei har jakta på spor etter menneska som levde for fleire tusen år sidan. Men steinaldersuppa var det ulike meiningar om.

Meir enn i lærebøkene

Fjerdeklassingane ved Austebygd og Årås fekk eit meir praktisk innblikk i steinalderen enn i lærebøkene.

-Sikkert veldig spennande å leva i steinalderen, men heilt sikkert langt enklare i dag, fastslår Austebygd-elev Evie Kalnes Dencker.

Ho har fått skikkeleg draget på ”atl atl”, som er namnet på steinalderfolket sitt effektive kastereiskap på jakt – ei slags blanding mellom spyd og pil og boge.

Effektivt våpen

-Med denne reiskapen kunne dei kasta lenger og ha større kontroll. Ikkje minst om bord i båt eller kano var det sjølvsagt viktig å vera mest mogleg stabil i kastet for ikkje å mista balansen og ramla i sjøen.

-Eit effektivt våpen, fortel arkeolog Camille Brommen, som gir elevane innføring i teknikken.

Steinalderfolket jakta blant anna på sel og moskus med ”atl atl”. Når den unge garde nokre tusen år seinare får prøva seg med kastereiskapen, er flintspissen i front fjerna.

Skinnposar og utgraving

Elevane har også fått laga skinnposar på steinalder-vis, og dei har vore med på arkeologiske utgravingar.

-Eg fann eg fann, smiler Årås-eleven William Rebnord. Han har gått laus med ein liten spade og viser fram ein flintstein frå steinalderen.

Steinalder-suppe

4.klassingane frå Austebygd og Årås fekk også smaka steinalder-suppe, med råvarer som var vanleg på Vestlandet for nokre tusen år sidan.

I steinaldersuppa er det gulrøter som var langt mindre enn i dag, kål, og timian. Og når vi kjem til den yngre steinalderen kunne det også bli ei råd med sauekjøt i suppa.

-Vi har kokt suppa kjempelenge. Det er skikkeleg saftig kost, forsikrar Camilla Brommen, som røpar at dei denne gongen har juksa litt og kokt suppa på el-komfyr.

Stor interesse

-Målet er å gje elevane eit innblikk i historia om dei første menneska som tok i bruk dei områda både i Nordhordland og elles langs norskekysten, seier Ida Dyrkorn Heierland ved Vestnorsk Utvandringssenter.

-Ungane er veldig engasjerte og viste stor interesse. Dette har gitt meirsmak, seier ho etter den første steinalder-dagen på senter.

-For oss på Utvandringssenteret er dette også ein fin måte å få breiare kontakt med lokalsamfunnet.

Artikkeltags