Fekk målprisen

SJØLVSAGT: - For oss er det sjølvsagt å bruka nynorsk, seier Viggo Bjørge i EBML.

SJØLVSAGT: - For oss er det sjølvsagt å bruka nynorsk, seier Viggo Bjørge i EBML.

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Eikanger Bjørsvik Musikklag.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

- For oss som korps er det heilt sjølvsagt å bruka nynorsk, seier Viggo Bjørsvik i Eikanger Bjørsvik Musikklag.

Det er Alversund mållag som deler ut prisen, som vart overrekt under mållaget sitt tradisjonsrike ”Håttar du songen”-tilskiping på Knarvik ungdomsskule søndag ettermiddag.

Kvalitetsteikn

-Det er eit kvalitetsteikn å vera bevisst på språket sitt. For korpset er språket ein del av identiteten vår. Vi er kry av kvar vi kjem frå, seier Bjørge.

Han la til at korpset er stolte av å få målprisen.

God ambassadør

Eikanger Bjørsvik får prisen for at korpset bevisst brukar nynorsk i all si marknadsføring. Juryen legg også vekt på at korpset er ein viktig kulturinstitusjon i Nordhordland og ein ambassadør for distriktet.

EBML kvitterte for prisen med nokre musikalske innslag, Beatles sin kjende Penny Lane, utdrag frå Grease, og til slutt ein vakker hymne.

Målprisen er eit flott diplom med kunstnarlege strekar av Håvard Giezendanner, som med glimt i auga også losa den songglade forsamlinga gjennom kvelden med

Songglad forsamling

Også i år var det stor oppslutning om mållaget si ”Håttar du songen”-tilskiping. Nærare 150 struper tok for seg den eine songen etter den andre frå Lars Sørås si songbok, nesten som ein ønskekonsert.

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes gledde forsamlinga med blant anna ”Sting”-slageren ”Fields of gold”, eller ”Aks av gull” som den heiter på norsk. To jenter frå kulturskulen, Regine og Solveig, var også verd ei rose for sin flotte song.

Som vanleg sat Otto Aksnes ved pianoet, og var med på å gje allsongen venger.

Les meir frå ”Håttar du songen” og målpris-utdelinga i onsdagsavisa.

Artikkeltags