Fabelprisen for fantasy-serie

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Tildelt seimaren Asbjørn Rydland.

DEL

Seimaren Asbjørn Rydland har fått Fabelprisen for fantasy-serien ”Drakeguten”.

- Det er skrive ein god del norsk fantasilitteratur av høg kvalitet for barn og ungdom dei seinare åra. Asbjørn Rydland sin serie om Drakeguten er eit framragande eksempel, skriv juryen i si grunngjeving.

- Fabelprisen er ei årleg utmerking som vert gjeve ut til det beste norske litterære verk innan fantastisk litteratur publisert siste året. Foreningen Fabelprosaens venner står bak prisen. Foreninga har som føremål å fremja den fantastiske litteraturen i Norge.

Truverdig fantasiunivers

Juryen framhevar også at Drakeguten foregår i eit truverdig fantasiunivers med grundig og gjennomarbeidd geografi, historie og mytologi.

- Dette er eit nødvendig utgangspunkt for god fantasilitteratur. Men det som gjer Rydland sin fantasy-serie vellukka, er at han mot denne bakgrunnen greier å fortelja spennande historie med komplekse karakterar. Bøkene er dessutan prega av eit godt og poetisk språk, heiter det i grunngjevinga.

Serien består av Drakeguten (2010), Med eld i hjartet (2011) og Mørkemanaren (2012). Bøkene er gjeve ut av Det Norske Samlaget.

Lindås-forfattaren fekk tidlegare i år Nynorsk barnelitteraturpris 2011 for bok nummer to i serien. Den fjerde boka i serien kjem truleg ut våren 2014.

I kjølvatnet av Harry Potter

I bølgja av fantasyromanane for barn og unge i kjølvatnet av Harry Potter, har Rydland markert seg sterkt. Han vart omtalt som modig som våga satsa på denne sjangeren i debutromanen sin. Han har fått ros for å ha eit svært gjennomarbeidd og poetisk språk, som er eit særmerke ved hans tilnærming til sjangeren.

-Han har noko å fara med, debuten er løfterik, slo litteraturkritikarar fast etter den første boka i serien. -Språket gnistrar i takt med at dei dramatiske hendingane i ”Drakeguten”.

Artikkeltags