Erling og mor feira kvar sin konge

Artikkelen er over 13 år gammel

Borghild var med på 70 års feiring for kong Haakon 7. i Royal Albert Hall. 65 år seinare var sonen og Fedje-ordførar Erling Walderhaug med og feira kong Harald sin 70 års dag. - Eit spesielt samantreff, seier Erling.

DEL

- Klart du skal reisa til Oslo, sa Borghild, då Erling stussa på om han ikkje i staden skulle vera heima og feira dagen til mora. Ho ville ikkje at sonen skulle gå glipp av kongefesten, og minna Erling om kva ho hadde fått vera med på i England. Seinare same dag døydde ho, 86 år gamal, i ferd med å stella i stand til selskap.

- Kjekt å tenkja tilbake på at vi begge har vore på 70 års feiring til kvar vår konge, seier Erling, som fortalde historia i minneordet over mor si.

På veggen på ordførarkontoret heng bildet av det norske kongeparet. Like ved er eit bilde av kong Olav .

- Må jo visa at vi er litt rojalistiske, seier Erling Walderhaug.

Fedje-ordføraren og dei andre ordførarane i landet var til stades då det norske folk si ”opplevings-gåve” til kongen vart framført, representert med innslag frå kvart fylke.

”Historisk begivenhet”

- Ei fin oppleving. ”Settinga” for festmøtet i Royal Albert Hall var sjølvsagt ei heilt anna under andre verdskrig, seier Erling, og les frå programmet som mora har tatt vare på.

”Feiringen i London en historisk begivenhet”, stod det på framsida av Norsk Tidend, som den norske regjeringa i London gav ut under krigen. Her var det eit stort framsidefoto av festivitasen, og Borghild har skrive følgjande kommentar: ”Her var jeg i kong Haakon sin 70 års dag. Jeg satt helt nede i første parkett og så og hørte alt fint.”

– Eit lite klenodium, både invitasjons-programmet og avisartikkelen, som er veldig gode minne å ha, seier Erling. Under festmøtet for kong Haakon deltok blant andre London Symfoniorkester med Festpolonaise av Johan Svendsen og Hyldningsmarsj av Edvard Grieg. Royal Air Force Band kasta også glans over arrangementet, og den norske statsministeren heldt tale.

Hersa med Hitler

Erling Rosé Walderhaug er fødd i Skottland England. Han er oppkalla etter far sin, som mista livet i krigshandlingar før sonen var fødd.

Borghild måtte rømma til England i all hast i 1941, etter at ho hadde hersa med eit bilde av Hitler.

- Om bord i gamledampen på veg heim etter ein bytur, teikna ho ei lykkje rundt halsen på Hitler. Deretter reiv ho hovudet av han, fortel Erling.

Dagen etter banka det på døra heime på Fedje, og utanfor stod den tyske kommandanten og nokre offiserar med avisa i hendene. Lensmannen, som også var med i følgjet, kom tilbake seinare og rådde Borghild til å flykta fordi ho kom til å bli sendt i tysk fangenskap.

To av onklane hennar låg klare for tur til Shetland, og då dei forstod alvoret fekk Borghild vera med. Etter å ha rodd til Rongevær og venta i båt der ei vekes tid, gjekk turen over Nordsjøen i ein gavlbåt.

Jobb på hotell

I London fekk Borghild seg jobb på County Hotell, der den norske ambassade heldt til. Ho var i London under den verste tyske bombinga av byen, den såkalla Blitzkrigen. Etter halvanna år i London flytta ho til Buckie i Skottland hausten -42, der Erling kom til verda. Mange fedjingar og mange andre frå Nordhordland og Vestlandet heldt til under krigen. Etter krigen kom mor og son tilbake til Fedje, der ho gifta seg på nytt og fekk tre barn til.

I 1990 var Borghild tilbake på hotellet jo jobba på. – Hotellet var framleis i drift, og mor fortalde at rommet hennar var som den gongen ho budde der, fortel Erling, som var nesten tre år då han kom til Fedje for første gong.

Dramatisk helsing

- Det var ikkje berre i Norge vi hadde rasjoneringskort, seier Erling, og viser oss eit knippe kort for kjøp av klede, smør og andre artiklar. Og eit eige kort for ”child”. I sakene etter mor si finn han også ein stor fargeplakat med kronprinsesse Elisabeth på eine sida, og faren, kong Georg på den andre. Han sit også med korte helsingar som gjennom Røde Kors vart distribuert mellom Borghild og familien heime.

I den første helsinga frå Borghild, som maks kunne vera på 25 ord for å koma gjennom den tyske sensuren, stod det kortfatta:

Kjære dere!

Takk for hilsningen. Vi lever og har det bra. Er gift. Fått ein gutt. Min mann er død.

Kjærlig hilsen Borghild, lille Erling.

- Det måtte vera spesielt å få slike meldingar for dei som sat heime. Desse meldingane var einaste kontakten mellom henne og familien, bortsett frå at ho traff ein onkelen sin ein gong i Liverpool, seier Erling Walderhaug.

For Fedje-ordføraren har det handla mykje om ubåtvrak, kvikksølv og oljeverndepot den seinare tid. No er det tid for minner om ei svunnen tid.

- Eg har mange gode minner å tenkja tilbake på, seier han.

Artikkeltags