Endre er hekta på fisking

VÅTT OG KALDT: Det å vera ute i naturen og å kjenna meistringskjensla, er nokre av grunnane for at Hopland brukar så masse av tida si på fisking. Her frå ein tur i haust.

VÅTT OG KALDT: Det å vera ute i naturen og å kjenna meistringskjensla, er nokre av grunnane for at Hopland brukar så masse av tida si på fisking. Her frå ein tur i haust. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Nokre samlar på frimerke, medan andre samlar på fotballklistremerke. Endre Hopland samlar på fisk. Til no har han funne 82 artar.

DEL

– Det er mange som fiskar, men her heime er det vanskeleg å finna nokon som er like sinnssjuk som ein sjølv, innser Endre Hopland.

For der andre set Jesus framføre familien, er ikkje fisken langt unna å verta sett fyrst hjå Hopland.

Sin første fisk fekk Hopland som fire-fem-åring. Då han vart nokre år eldre, måtte foreldra hans hyppig setja seg i bilen etter arbeid for å køyra han til dei tre fiskevatna oppe på Åse.

Jakta på dei store

Sidan har det berre balla på seg.

– Eg byrja å føra artsliste då eg var 12–13 år gammal, fortel han.

LES OGSÅ: Årets sportsfiske-skribent er Nordhordlending

Då han var 14 år byrja han med flugefiske, og dreiv nesten berre på med det til han var 26–27 år gammal.

– Då drog eg gjerne på fisketur fleire gonger i veka og fiska etter aure og sjøaure. I tillegg vart det ein del turar på havet med agn, seier han.

Etter kvart gjekk han lei flugefiske.

– Det vart mykje fisk, men det var langt mellom dei store. Og ein jaktar jo alltid på dei, seier han.

Etter kvart gjekk han altså tilbake til artsfiske.

– På nettet oppdaga eg at det var eit ganske stort miljø for artsfiske. Der har ein kontakt med andre, ein kan utveksla erfaringar, lasta opp eigne artslister, sjå kva andre har gjort, kva dei har hatt suksess med. Så vart det etter kvart meir enn berre ein hobby, fortel han.

Etter kvart oppretta han sin eigen blogg, for å skriva om turane og dokumentera kva han held på med.

– Så byrja eg å posta innlegg på Fiskersiden, noko som eg fekk gode tilbakemeldingar på, seier han.

Havmus

– Det trigga meg, så eg la meir arbeid i det. På det viset bygde eg meg eit slags namn i miljøet, fortel han.

Men meir om det seinare.

Det som trigga artsfisket for Hopland igjen, var då han fekk havmus for første gong.

– Det er ein snål bruskfisk som lever på djupt vatn, men som kjem opp på grunnare vatn om natta. Den fisken fekk eg frå land i Salhus. Det var ein fisk eg ikkje kunne særleg mykje om, men som eg hadde jobba meg målretta fram til å få. Sidan har det balla på seg, seier han.

LES OGSÅ: Trailer mista 10 tonn fisk

Havmus var art nummer 45 for han. No er han oppe i 82 artar. Den siste var raudflekka kutling.

– Det er jo dødssært, det skjønar jo sjølv vi som driv på med dette, innrømmer han.

– Men når du har byrja å samla på noko, vil du halda fram med det, seier han.

Det heile handlar om planlegging og om å lukkast med det ein driv på med.

– Ein kastar ikkje berre ein sluk i sjøen og dreg opp tilfeldig. Den tida er over. Det handlar om å oppsøka rett biotop, bruka rett agn og rett krokstorleik, seier han.

Artsfiske er ifølgje Hopland i utvikling

– For to år sidan var folk imponerte over at vi fanga havål frå land. No er ikkje det så spesielt lenger. For eit år sidan var det tatt eit par eksemplar av den snodige flatfisken tunge i Norge, og den var sett på som nærast umogleg å få. I dag har «alle» fått den, for nokre pionerar har knekt koden, og delt vidare. Slike kodar vert knekt i stadig veksande grad, fortel han.

Også i fjordane i Nordhordland er det mykje spennande fisk for ein entusiast.

LES OGSÅ: Slutta i oppdrettsgigant - satsar på fisk i Afrika

– Her er det veldig mykje rart. Det er det som er så gøy. Med ein gong ein kjem i sjøen, kan kva som helst skje, seier han.

– I Osterfjorden lever det mykje rart i djupet, til dømes skolest, som eigentleg er ein vanleg fisk, men som lever på djupt vatn og høgt over botn. Så den er uvanleg å få på reiskap. Spisskate er der og, samt den svært sjeldne svartskata. Håkjerring, som er ein av dei største haiane i verda er tatt i både Osterfjorden og Fensfjorden. I Fensfjorden er det fleire plassar folk har slutta å setja reiskap, for det vert kutta gong på gong. Men og små, rare skapningar som sølvtorsk og lysprikkfisk lever i store kvanta på djupt vatn, fortel han.

– Ser ut som ein slange

Favorittfisken hans er havål. Den største han sjølv har fått var på over 10 kilo. Neste mål er ein på over 20 kilo.

– Den er ein rein muskel, og ser ut som ein svær slange. Det er omtrent det råaste du kan få på stong i Noreg, seier han.

Hopland er gift med Linn Vetaas. Saman har dei dottera Olivia på åtte månader. Dottera var fire veker fyrste gong ho var med faren på fisketur. Kona er ikkje på langt nær like glad i fisking, men har forståing for mannen si altoppslukande interesse.

– Eg prøver å få meg ein skikkeleg fisketur kvar fjortande dag no, og gjerne ein kortare tur innimellom, seier han.

For Hopland er det ikkje ein skikkeleg fisketur før han har vore ute i sju-åtte timar.

– Men det er viktig å ha eit liv ved sidan av. Elles forsvinn gleda ved det, seier han.

LES OGSÅ: Fiskelukke på Fedje

For mange er Hopland kjent som journalist i avisa Nordhordland. Men der har han hatt sin siste arbeidsdag.

– Det var tida for å gje seg no. Når ein slik moglegheit dukkar opp, kan ein ikkje la den gå forbi seg, seier han,

For no er det endå meir fiske som står for tur. No skal han verta redaktør for landets største fiskerinettstad, Hooked.no.

Til no har han vore redaktør på kveldstid og i helgar. Men over nyttår er det alvor.

– Det som vert gøy vert å få vera med på å forma framtida. Det finst ikkje noko liknande i Norge, seier han.

2014 har vore eit prøveår på ein del ting, med mellom anna utgjevinga av eit eige magasin i PDF-format. To utgåver har komme ut til no, eit tredje er på veg før jul. Over 5000 lasta ned det fyrste bladet.

LES OGSÅ: – Veldig strengt for oss i sør

– Vi ser at det er ei stor interesse for det som har med fisking å gjera, ute blant folket. Og vi ser at vi kan nå ein del «vanlege» folk med ein del saker. Særleg når det kjem til ting ein ikkje har sett før, eller ekstra store, stygge eller skumle fiskar, seier han.

Verda rundt

Dei kjem primært til å retta seg mot fiskemiljøet med sakene sine.

– Men vi ser at masse av det vi lagar, har allmenn interesse også, seier han.

Hopland skal ha heimekontor. Men det kjem til å verta ein del reising på han i framtida.

– Til neste år skal vi til Nord-Norge, Storbritannia og potensielt til både nord og Sør-Amerika. Dette i tillegg til ein del reiser i Sør-Norge, seier han.

Men dei har og daglege nyheiter på nettsida retta mot den vanlege fritidsfiskaren og feriefiskaren.

– Det ligg også mykje på teiknebordet som vi vil gjera. Planen vår er å vera dei som folk går til for fiskenyheiter, seier han.

LES OGSÅ: Mongstad-alger kan løysa verdsproblem

Artikkeltags