TYL er eit velskrive, vittig og herleg tolka teaterstykke som tar publikum med på ei reise frå bygdas enkle kår til storbyens danderte gourmetrestaurantar. TYL er vel verd ein tur til Sogn.

Torsdag, fredag og lørdag førre veke vart Finn Tokvam og Halvor Folgerø sin TYL framført av Sogn og Fjordane Teater på Logen i Bergen.

Dette var dei einaste førestillingane utanfor heimfylket til teateret. Den vidare turneen går ulike stader Sogn og Fjordane.

Har du moglegheita til å ta turen bør ikkje ferjer og litt reisetid stoppa deg. TYL er nemleg verd å få med seg.

Strilane Cato Jensen og Claus Sellevoll spelar hovudrollene i stykket, basert på det som vert omtala som den sorgmuntre og humoristiske romanen TYL.

Medverkande på scena er også Kyrre Eikås Ottersen, Katrine Lunde Mackenzie, Tiril Engelstad, Aage Vaksdal, Oddmar Amundsen og Per Janke-Jørgensen.

Saman lagar denne gjengen ei oppleving som gjer at du sit med ei god kjensle heile stykket igjennom.

Venskap og kjærleik

Handlinga i TYL er lagt til ei lita og naturskjøn bygd langt inne i ein fjord. Her bur postmann Ove Ullkvam, verdas største Charlie Praker-fan, ein mann som skyr konfrontasjonar og som ein følgje av dette seier ja til det meste.

Bestekameraten Ragnar er ikkje av heilt same ulla. Han kallar ein spade for ein spade, og delar villeg vekk verbal ris til alle som fortenar det. Og det er stort sett alle. Men Ragnar har også ei mjukare side.

Han skriv dikt, og dei handlar alle om Olav Stedje, som for han er det Charlie Parker er for kameraten Ove.

Der inne i fjordarmen går livet sin gang, heilt til Ragnar ein dag utfordrar Ove til å tora å stå opp for rettane sine.

Etter ei veke med litt tøffare haldning får Ove premien sin, ein hotelltur til Voss midt under Vossajazzen.

På jazzfestivalen er det også damer, og det tar ikkje lang tid før kjenslene vert sett i sving. Men kan ein bygdegut og ei byjente fungera saman, då?

Fornøyeleg

Finn Tokvam og Halvor Folgerø gjer det meste dei har fingrane i morosamt, og TYL er ikkje noko unntak.

Med Cato Jensen i rolla som Ove og Claus Sellevoll i rolla som Ragnar vert også rollefigurane tolka på ein måte som gjer at du sit og smiler ein time og førti minutt til endes.

Sjølv når det er trist og meir alvorleg er undertonen munter. Kyrre Eikås Ottersen gir ekstra humorkrydder til det heile gjennom sine seks-sju roller, som spenner seg frå fransk gourmetkelner til bygdetulling med Felleskjøpet-kjeledress og gamle historier på lager.

TYL er rett og slett fornøyeleg å sjå på, fram til lørdag 29. januar skal stykket spelast ytterlegare elleve gongar på ulike destinasjonar i Sogn og Fjordane.

Først ut i Brekke Samfunnshus mandag kveld klokka 18.00. Her gjeld det å kjenna si besøkstid.

Full oversikt finn du på www.softeater.no