- Eit kvalitetsstempel frå høgaste hald

HEIDRA: Søndag vart Asbjørn Odd Ystebø heidra med St. Olavsmedaljen for sin store innsats mellom anna i samband med etableringa av Vestnorsk Utvandringssenter. Overrekkinga stod fylkesmann Svein Alsaker for i Emigrantkyrkja.

HEIDRA: Søndag vart Asbjørn Odd Ystebø heidra med St. Olavsmedaljen for sin store innsats mellom anna i samband med etableringa av Vestnorsk Utvandringssenter. Overrekkinga stod fylkesmann Svein Alsaker for i Emigrantkyrkja.

Artikkelen er over 8 år gammel

Asbjørn Ystebø heidra med St. Olavs.

DEL

Søndag ettermiddag vart Asbjørn Odd Ystebø tildelt St. Olavsmedaljen i Emigrantkyrkja på Sletta. Æra delar han med ei heil bygd og mange, mange eldsjeler.

- Klart dette er veldig hyggjeleg for meg personleg, men først og fremst ser eg på dette som eit kvalitetsstempel frå høgaste hald som viser at Nordhordland og Vestlandet har fått etablert eit solid senter med fagleg kvalitet, minner og levande kontakt mellom Norge og Amerika, seier Asbjørn Odd Ystebø til Nh.

- Stadfesta verdien

- Du har gjennom din innsats ved Vestnorsk Utvandringssenter og elles ditt breie samarbeid mellom Norge og det utvandra Amerika oppfylt kriteriet for St. Olavsmedaljen, sa fylkesmann Svein Alsaker under seremonien på Sletta søndag.

Hovudpersonen sjølv legg ikkje skjul på at det er mange som fortener ros for det store arbeidet som har vorte lagt ned i samband med utvandringssenteret, og han meiner St. Olavsmedaljen først og fremst er eit symbol på dette.

- Eg synest det er veldig fint å få stadfesta verdien på arbeidet vi har gjort her ute, og å få ei offentleg og fin godkjenning på eit arbeid så mange har stått saman om, seier han.

Utvekslingspionerar

Ystebø har spelt ei vesentleg rolle for etableringa av utvandringssenteret.

Han har opparbeidd seg eit stort kontaktnett i Amerika, ikkje minst gjennom Danielsen VGS, og pionerprosjektet der 30 elevar kvart år har eit utbekslingsskuleår.

Han har vore idéskapar og pådrivar for denne utvekslinga som har vorte eit svært populært tilbod.

Mykje i Amerika

Ystebø sjølv har til saman gjennomført 18 ekskursjonar til Nord-Amerika for norske utvekslingsstudentar under deira studieopphald i USA.

Turane har gått i emigrantane sine fotspor, og han har knytta kontaktar med dei norske miljø.

Etter kvart har dette også ført med seg ei brei, tosidig kulturutveksling med ”det norske Amerika”.

Ystebø har også vore reiseleiar for over 20 temareiser i emigrantane sine fotspor.

- Eg vart kjend med den store utvandringa før eg sjølv byrja å reisa bort, men kunnskapane har vorte større for kvar gong, seier Ystebø som tilbake i 1996 etablerte Vestnorsk Utvandringssenter på Sletta i samarbeid med andre gode krefter.

I historisk lys

Senteret er basert på solide kunnskapar, eit breitt kontaktnett og ikkje minst visjonære eigenskapar.

Dette har mellom anna ført til at Emigrantkyrkja med fullt inventar vart flytta frå Bramton og gjenreist på Sletta.

Andre bygningar som har tatt den lange vegen over Atlanteren er Andreas Seem si pionerstove, Marboe si eittroms skulestove, Dr. J.C. Serkland sin prærieklinikk og rådhusstova og fengselet frå Elisabeth i Minnesota. Det er også reist fleire minnesmerke på Sletta, mellom anna over den norsktalande 99th Infantry Battalion Separate.

- Perspektivet av vår utvandring ligg i botn for det heile, og vi har no nådd så langt i historia at vi kan vurdera utvandringa i eit historisk lys, seier han til Nh.

Sikra minnesmerka

Bygningane som dei siste åra er frakta til Sletta og Vestnorsk Utvandringssenter er restar etter det dei norske emigrantane bygde då dei slo seg ned i USA.

- Om nokre år er desse restane borte, så difor sikra vi oss desse minnesmerka medan det framleis var mogleg. Vi håpar å få på plass endå nokre bygningar på Sletta, men eg veit ikkje om det lar seg gjera.

- Dette handlar om å fanga inn denne delen av historia vår, og ha ein god base om nettopp dette kapittelet, fortel Ystebø engasjert.

- Emigrantbygda

Han slår fast at Sletta-bygda har noko amerikansk i seg, og slett ikkje berre utvandringssenteret.

- Sletta er ei emigrantbygd, og det er mange bygningar her som er bygt med pengar frå Amerika-pendlarar. Folk reiste til Amerika for å jobba, og kom heim igjen med amerikanske kontantar som dei kjøpte tømmer og bygde hus for, seier han.

Artikkeltags