Ein blå blome frå pianisten

Med ?Blaue Blume? slepp pianist Rune Alver sin tredje CD. (Foto: Lawo classics)

Med ?Blaue Blume? slepp pianist Rune Alver sin tredje CD. (Foto: Lawo classics)

Artikkelen er over 9 år gammel

Rune Alver er klar med sin tredje CD.

DEL

Her presenterer han tre verk som er inspirerte av og vert illustrerte av lokal billedkunst. Blant komponistane er Torstein Aagaard-Nilsen.

- Det er hyggeleg for meg å kunna fremja kulturen frå Nordhordland ut i det ganske land og til heile verda, seier Rune Alver.

Han har samarbeidd med komponisten Torstein Aagaard-Nilsen frå Radøy sidan 2006.

- Torstein har hatt ein blå periode dei siste åra, og eg utfordra han til å komponera stykke for solo klaver inspirert av måleri av nolevande kunstnarar, fortel Alver.

Det har resultert i eit samandrag av tre verk; Blue Traces som er inspirerte av billedkunst frå nordhordlandskunstnarane Elin Alver og John Petter Havnerås, og Thor Erdahl som er frå Aagaard-Nilsen sine heimtrakter i Svolvær.

- Eg har fått vera med og forma noko av det nye verket, og eg er stolt over å ha kunna påverka den dyktige samtidskomponisten, seier Rune Alver.

Det heile starta med Elin Alver sine akvarellar for fem år sidan, og sidan har og komponisten og pianisten vore i atelieret til John Petter Havnerås på Sæbø for å la seg inspirera.

Dei tre verka som utgjer Blue Traces har vore presenterte kvar for seg i form av musikk og bilde. No er altså det heile sett saman, med pianisten si innflyting på komponisten sitt arbeid.

- Som pianist kjenner eg korleis det fungerer i ein konsertsituasjon. Og dette tette samarbeidet har vore svært fruktbart, seier Alver.

- Aldri før har eg latt ein utøvar gå så langt inn i komponistrolla, skriv Aagaard-Nilsen i platecoveret.

Les meir i lørdagens utgåve av Nh.

Interessert i fleire lokale nyheiter? Sjå kva abonnement som passar best for deg her

Artikkeltags