Gå til sidens hovedinnhold

Ein bauta over mann og fartøy

Artikkelen er over 13 år gammel

Lørdag vart minnesmerket av Ingvald O. Eidsheim og KNM Hitra avduka på kaien på Eknes.

- Ingvald O. Eidsheim og Shetlandsbussen Hitra var uløyseleg knytta saman under krigen. Difor er det veldig riktig at både mannen og fartøyet får sitt minnesmerke saman, sa forsvarsminister Anne Grethe Strøm-Erichsen då ho avduka dei to minnesmerka på kaien i Eknesvågen lørdag.

Minnesmerka over kommandørkapteinen frå Osterfjorden og KNM Hitra er kanskje den aller siste bautaen som blir reist for å minnast innsatsen under 2.verdskrig.

Svært mykje folk fylte Eknes-kaien lørdag då Hitra la til kai med forsvarsministeren og spesialinviterte gjestar om bord.

Ingvald O. Eidsheim var den som hadde flest turar over Nordsjøen med flyktningar eine vegen og mat og forsyningar tilbake. Han gjennnomførte 43 tokt med kystubåtjagaren, som var ein av tre i sitt slag i Norge. Den eine gongen han ikkje var med, var då sonen Olav vart fødd.

Ei stor oppleving

- Dette er sjølvsagt eit stort augneblikk for oss. Det varmar sterkt å sjå det imponerande arbeidet som eldsjelene i Eknesvågens Venner har lagt ned for å heidra faren sitt minne. Dette skulle eg ønskt far hadde fått opplevd, seier Olav Eidsheim. Han fortel at mora hadde hadde sett fram til denne dagen, men ho døydde i desember 95 år gamal.

Sonen fortel at det gjekk svært lenge før faren sa noko som helst om krigens opplevingar. Først då Hitra dukka opp igjen i Sverige 1981, begynte han så smått å fortelja kva han hadde vore med på.

- Han har fortald om to spesielt farlege episodar. I møte med eit stort tysk krigsfartøy forstod han at det var best å koma seg unna. Og lommekjend som han var i lokale farvatn, kom han seg i skjul for tyskarane.

Taktisk innsikt

- Alle dei tilsaman 115 toktene med dei tre Shetlandsbussane skjedde utan tap av menneskeliv eller matriell. Det viser at fartøya var svært godt eigna for denne trafikken, og det seier kanskje endå meir om den leiing og kommando Ingvald O. Eidsheim og dei andre skipssjefane utøvde, og den taktiske innsikt dei opparbeida seg gjennom krigsåra, sa Strøm-Erichsen.

Etter krigen fekk Eidsheim tildelt Krigskorset med sverd, den høgaste utmerkinga som blir gitt, for sin store innsats.

- Dei mange historiane om Ingvald O. Eidsheim var med på å halda motet oppe hjå folk i vårt område. I dag har han fått si velfortente takk frå sine sambygdingar, sa pensjonert kontréadmiral Egil J. Eikanger i sin tale på Eknes-kaien.

Eidsheim er uløysleg knytta både til Hitra sitt første og andre liv. Den gamle skipssjefen stod nemleg også i spissen for restaureringa av båten som vart funne igjen då den russiske ubåten grunnstøytte i Karlskrona.