– Det er kjekt å vera i Bergen. I gamle dagar reiste vi berre til Bergen ein gong i året, og da var då vi skulle handla klede. Eg fekk reisa to gonger, for eg brukte briller, det var stas. Eg reiste jo gratis og, for eg var så svaksynt at eg vart rekna som blindpassasjer om bord i Dampen, seier Ivar Medaas i Claus Sellevoll sin skikkelse.

Standsmessig

Mandag kom «Ivar'n» standsmessig til Bergen i ein skinande raud traktor frå 1956, og gjorde seg markert i bybildet med dieseldriven godlåt og lått og løye frå førarplassen.

LES OGSÅ: – Skandale at fela til Ivar'n er borte

Stuntet er ei markering av at stykket «Dar kjem Dampen» kjem til Bergen, med premiere på Lille Ole Bull torsdag 18. september.

– Dette er som å komma heim, seier Claus Sellevoll om at dei no tek framsyninga til Vestlandet sin hovudstad.

Frå fjøs til scene

«Dar kjem Dampen» er ein kabaret der vi følgjer den folkekjære visesongaren Ivar Medaas si reise frå fjøs til scene, og vert tekne med til ei tid då kaien og krambua var viktige møteplassar for folk i utkanten.

Billettsalet har han ikkje heilt oversikt over enno, men ambisjonane er klare.

LES OGSÅ: Tek Medaasen til bydn

– Vi satsar på fulle hus. Vert det ikkje fulle hus vert det i alle fall fulle folk, det er bar der nede, seier han med glimt i auget. På fortauet utanfor teateret vart det servert ertesuppe til både bymann og stril.