«Eg klappa ei ku, det var litt ekkelt»

LUKTAR?RART:?Karina B. Haveland (8) og Nicolai Haveland (Nesten 5 1/2) var på besøk hjå bestemor. Då måtte dei ta ein tur på gardsbesøk. ? Eg klappa på ei ku. Det var litt ekkelt, seier Karina.

LUKTAR?RART:?Karina B. Haveland (8) og Nicolai Haveland (Nesten 5 1/2) var på besøk hjå bestemor. Då måtte dei ta ein tur på gardsbesøk. ? Eg klappa på ei ku. Det var litt ekkelt, seier Karina. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

1200 små og store fekk med seg eit lite under på open gard.

DEL

LUKTAR RART:Karina B. Haveland (8) og Nicolai Haveland (Nesten 5 1/2) var på besøk hjå bestemor i Meland i helga.

Då måtte dei ta ein tur på gardsbesøk.

– Eg klappa på ei ku. Det var litt ekkelt, seier Karina.

LES OGSÅ: Oppgitt bonde selger utstyret på Finn.no

Dei var blant dei 1200 som hadde tatt turen på open gard. For fyrste gong på 16 år var det open gard i Meland i helga.

– Litt flaks skal ein ha, seier bonden Helge Henanger.

Saman med Arne Dalland opna dei gardane sine for nysgjerrige skodelystne. Og folk valfarta til dei to gardane.

Dei som tok turen til Øvre Sagstad fekk med seg litt av ei hending, då eine kviga kalva med fleire hundre skodelystne rundt seg.

– Mange ungar har her fått seg ei oppleving for livet, seier Henanger nøgd.

LES OGSÅ: Fryktar å gå ned ei månadsløn i løn

Dei hadde sett opp to veteranbussar for å ta seg av dei besøkjande.

– Vi hadde ein buss i bakhand og, den måtte vi kalla inn med ein gong, for det vart kø, seier han.

– Kvifor gjer de dette??Er det ein del av lønsforhandlingane?

– Nei, vi har hatt lyst til det lenge. Etter at vi kom på mjølkekartongane er det mange som har ringt oss, seier han.

– Men vi har kvidd oss for å gå i gang med det det, innrømmer han.

LES OGSÅ: Mjølkekjendis

Artikkeltags