- Eg må ærleg innrømma at eg kvir meg litt, de kjem til å få sjå ein grinande Cato på skjermen i morgon, seier Cato Steindal frå Austrheim. I morgon kveld er han hovudpersonen i sesongpremieren av Hellstrøm ryddar opp heime.

Etter fleire tilfelle av matforgifting vart han skeptisk til all mat som ikkje var fullstendig gjennomsteikt, og tydde til steikt kjøtdeig mange gonger i veka.

- Eivind Hellstrøm var kjempehyggeleg han, han forstod kva problemet var. Han viste meg kva kosthaldet gjorde med kroppen, og eg har lært mykje nytt, det var ei lærerik oppleving, seier Cato.

LES OGSÅ: Hellstrøm i Kjelstraumen

No lagar dei nesten all mat frå bunnen av med ferske og gode råvarer.

- Vi har så og seia slutta med ferdigprodukt, det kan henda vi tyr til ein suppepose ein gong i månaden om vi har dårleg tid, fortel Cato.

Det var kona Renathe som meldte dei på programmet.

- Eg begynte sjølv å sjå at eg hadde eit problem. Det var fruen som meldte oss på, men eg var innstilt på å vera med og å fullføra løpet og gjera mitt beste. Det har eg ikkje angra på, seier Cato, som har tatt av 9,5 kilo sidan innspelinga.

- Eg har fått eit betre liv og har meir energi, seier han. Sjølv har han ikkje sett programmet på førehand, men har ingen store planar til premieren torsdag kveld.

- Det blir nok berre meg og kona som set oss ned for å sjå programmet, seier han.