Gå til sidens hovedinnhold

Draumen som vart verkeleg

Artikkelen er over 7 år gammel

RADØY:Boka «Draumen vart verkeleg» er forteljinga om korleis eit lokalsamfunn på dugnad flytta fleire emigranthistoriske hus frå Midtvesten i USA til Sletta på Radøy, og korleis Vestnorsk Utvandringssenter vart til.

– Det finst gode bøker, det finst mange nokså vanlege bøker, men det finst og ei og anna bok som er heilt naudsynt. Denne boka er det. Ho er minnet om samfunnet som dei norske pionerane på prærien skapte for seg og sine, med kyrkje, skule, prærieklinikk, rådhus og fengsel. Men det handlar og om ei lita grend i ein liten kommune, som på dugnad og eigen kostnad drog til Amerika og henta den norske historia på prærien, i siste liten før minna var borte, seier Kjartan Rødland, som har teke seg av tekstane i boka.

Bokslepp i Emigrantkyrkja

Fleire av dei sentrale aktørane bak boka var samla til bokslepp i Emigrantkyrkja på Sletta torsdag før jul. Rolf Svellingen har vore redaktør for bokverket, som altså er ført i pennen av Rødland.

LES OGSÅ: Leitar etter amerikaslekta si

– Det har vore eit omfattande arbeid med kvalitetssikring, dokumentasjon, og sjekking av fakta. Det er eit stort kjeldemateriale med omsyn til fotografi og film, seier han.

Han gjev og honnør til Tom Arild Valdersnes som har dokumentert historiene med bilde og film.

– Det er Eigarstyret og Veneforeininga til Utvandringssenteret som står bak boka, presiserer vikarierande avdelingsleiar for Vestnorsk Utvandringssenter, Åshild S.F. Thorsen.

– Museumssenteret i Hordaland er og glad for dokumentasjonen om nordmenn i Amerika som er komen fram.

Husa kjem heim att

– Vi har flytta verdfulle ting frå Amerika til Norge, fortel Asbjørn Ystebø.

– Der husa stod vart dei ikkje vel tekne vare på. Likevel var myndigheitene i Salid County begeistra for ideen vår. Dei tilbaud oss å sende husa over. Og no er det vorte slik at husa faktisk har meir besøk av amerikanarar enn dei hadde der dei stod. Vi møtte mellom anna Don Rust. Det er son til han som stod føre å gje kyrkja til Norge. No er han om lag 45 år, og er døypt, konfirmert og gift i kyrkja i Bramton. Han har norsk kone. Ho stammar frå Valdres. Han og alle amerikanarane vi møtte sette stor pris på at vi ville dokumentera amerikansk historie og. Vi møtte velvilje over heile lina, fortel han.

LES OGSÅ: Harald er bitt av basillen - slektsgransking tar heilt av

Om boka seier han:

– Alle skal erkjenna at det er sant og rett det som står der. Boka kom til rett tid.

Asbjørn Odd Ystebø har skrive eit kapitel i boka om ”Amerika-gardar på Sletta.

Ein «hemmeleg» idé

– Den første gongen eg høyrde om at det skulle flyttast ei kyrkje og andre norskamerikanske bygningar til Sletta var då Oddmund Skjelvik orda dette for meg. Han sa og at prosjektet måtte haldast ”hemmeleg” inntil ein hadde fått på plass ein del avgjerande føresetnader. Eg tykte dette var spennande. Slettabygda hadde ei dokumenterbar emigranthistorie, og det ville vera kjekt om vi her på heimebane kunne få synleggjort denne sentrale delen av vår nasjonale historie. Tenk om vi kunne få noko slikt til Sletta!

Det fortel Olav Ståløy i føreordet til boka.

Kjartan Rødland hadde hovudinnlegget.

LES OGSÅ: - Eit kvalitetsstempel frå høgaste hald

– Denne boka er heilt naudsynt. Då amerikanarane fekk høyra om prosjektet støtta dei opp om føretaket frå første stund. ”La bygningane få koma heim att!” stemde dei i. Her på prærien står dei gamle kyrkjene tomme. Skulehusa står tomme. Det er viktig at de tek vare på den religiøse tradisjonen desse bygningane stod for. Etter 20 år er dei utflytta nordmennene vorte ”ekte” amerikanarar, og lagt bak seg sine eigne tradisjonar og skikkar.

Utfordringar

Rødland grunna litt over det moglege:

– Er det mogleg å demontera ei heil kyrkje, saman med fleire andre bygningar, senda dei til Norge i konteinar, for så å gjenreisa dei? Husa var bygde for amerikansk innlandsklima: Kalde tørre vintrar, og varme somrar. Korleis skulle dette gå på med vestlandsk klima? Men dei fekk det til. Motivasjonen har vore sterk, og ei drivkraft. Det vanskelegaste tek vi med ein gong. Det umoglege tek litt lenger tid! sa han, og siterte tidlegare statsminister i Israel, Ben Gurion.

LES OGSÅ: Fugl på vandring på Utvandrings-senteret

Rødland runda av med eit ønskje for framtida:

– Når du ror ser du akterover, og held kursen etter akterstamnen. Kanskje kan dette verta ein nasjonal dokumentasjon over menneske på flyttefot? Alle som arbeider med migrasjon i Noreg bør lesa denne boka. Det er eit eventyr som enda godt!