Drakejenta frå Frekhaug

Slik ser Midgardsormen i Hardanger ut, i følgje Sunniva Møgster sine fantasiar. Biletet er laga i samband med ei skuleoppgåve.

Slik ser Midgardsormen i Hardanger ut, i følgje Sunniva Møgster sine fantasiar. Biletet er laga i samband med ei skuleoppgåve. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

MELAND:Sunniva Møster får Drømmestipend på 10 000 kroner, mellom anna for sine fantastiske drakebilde.

DEL

– Eg har alltid hatt ein fascinasjon for dragar. Dei asiatiske drakane symboliserer styrke og klokskap og dei vert sett på som gudar der borte, medan dei vestlege er meir monster som stel gull og gøymer prinsesser, seier Sunniva Møster frå Frekhaug.

– Grotesk

Ho er ei av fem frå Hordaland som er tildelt Drømmestipendet på 10 000 kroner.

Drømmestipendet vert delt ut årleg, og det er 100 personar i Norge som får det kvart år. I Meland har ingen fått det sidan 2005.

Grunna sin fascinasjon for dragar må ho sjølvsagt følga med på TV-serien Game of Thrones.

– Det er ganske grotesk, men eg må følga med på grunn av drakane, seier ho.

LES OGSÅ: Rebekka knivar om Draumestipend

– Vi er ekstremt kry og stolt over deg og vil heia på deg vidare framover, seier Meland-ordførar, Nils Marton Aadland.

Sunniva sjølv er sjølvsagt også nøgd med stipendet.

– Det er ei stor ære å få stipendet, og det gjer meg stor inspirasjon til vidare arbeid, seier ho.

– Meditasjon for meg

I hovudsak driv den 19 år gamle jenta med teikning og måling, men og innan skulptur og litt foto.

Ho har drive med teikning så lenge ho kan hugsa.

– Eg elskar å jobba med det, det er som meditasjon for meg, seier ho til avisa Nordhordland.

I søknaden for å få stipendet peika ho på at det å teikna også hjelpte ho gjennom ei vanskeleg tid i livet.

LES OGSÅ: Draum i oppfylling

– I denne perioden vart kunsten mi støtte og på mange måtar det som løfta humøret og optimismen, både min eigen og dei rundt meg. Det var godt å kunne beskriva kjenslene mine gjennom kunstneriske uttrykk. Det var også ein måte eg kunne flykta frå verkelegheita og inn i ei draumeverd der alt var mogleg å oppnå, skriv ho i søknaden.

For tida er ho student på Hardanger kunsthøgskule i Norheimsund. Der er ho i det andre kullet som nokon gong går på skulen.

Vil ut og reisa

– Det er kjempekjekt der. Trivelege folk og lærarar. Og så er det ein inspirerande plass å bu med den fine naturen, seier ho.

Håpet er å leva av kunsten når ho ein gong vert ferdig med utdanninga.

– Men det er eit vanskeleg felt og usikkert å velja, innser ho.

LES OGSÅ: Draumestipend til ung pianist

Stipendet skal ho bruka til utstyr for teikning og måling. Etter kvart vil ho ut og finna inspirasjon.

– Eg vil reisa langt vekk. Gjerne Australia eller New Zealand, seier ho.

Men før det skjer, vert det ei utstilling i Galleri Rustica for å heidra Drømmestipend-vinnaren frå Meland.

For dei som vil sjå fleire av Sunniva sine bilde, kan gå inn på denne lenka.

Artikkeltags