I år er det Vinskvetten som får den gjeve prisen, og dei kjem sjølvsagt for å halda konsert for dei frammøtte. I tillegg til vinnarane sjøl, kjem også artistar som songar Tine Taule, gitarist Mads Eriksen, Austrheimkoret «Tiriltunge barnekor» med fleire. TV-profilen Dag Lindebjerg skal vera konferansier, noko han har vore dei siste åra.

Prisen har vorte delt ut dei fleste år, sidan den for første gong vart utdelt i år 2000.

– Det er mange kjende artistar som har fått den før, mellom anna Jan Eggum og Øystein Sunde, fortel Jan Spurkeland, som er medlem i Medaaspris-komiteen.

– Vinskvetten vinn mellom anna fordi dei har market seg på mange måtar. Dei syng på dialekta Ivar Medaas brukte og dei er gode marknadsførarar av strilehumoren, seier Spurkeland.

Premien er ein bronseblankett og 20.000 kroner.

Spurkeland ønskjer folk velkomne til hendinga.

– Det er ikkje kvart år det er ei strilegruppe som får prisen, seier han.