– Denne plata er eit bra steg å byrja med. Vi har lyst til å satsa på musikken, ikkje starta i det små, difor vart det dobbeltalbum, fortel Sondre Veland.
Saman med søskenbarnet Bastian Veland utgjer han gruppa Ossicles, og debutplata Mantelpiece er no å finna i musikkbutikkane både i Bergen og Nordhordland.

CD før dei vart 20
For fire år sidan sette dei seg eit mål om å få ut ein CD før dei vart 20 år.
– Det klarte vi så vidt, og det er vi veldig nøgd med, fortel Sondre Veland.
Musikk har vore ein del av livet deira heilt sidan dei var små.
– Vi tok til å spela når vi var rundt 8-10 år gjennom tilbod i kulturskulen. Etter kvart har vi jobba mot eit mål om å få laga eigen musikk og få ut eigen plate, fortel Bastian Veland.

Jazzrock
– Det er litt vanskeleg å plassera musikken vår berre under ein sjanger, seier Bastian Veland.
– Vi spelar jazzrock med innslag av mellom anna pop, folk og ambient, men ikkje dei ekstreme utslaga, fortel han.
– Det er framleis ein god pop-struktur på dei fleste av låtane våre, legg Sondre Veland til.

Eige prosjekt
Plata er gitt ut på eige selskap, og prosjektet med plata har dei hatt hand om sjølv frå start til mål.
– Vi gjorde dei første opptaka i 2011 medan vi gjekk på folkehøgskule på Voss. Alle instrumenta er tatt opp der, fortel Sondre.
Han har trommer som sitt hovudinstrument. Bastian spelar gitar, og i tillegg har han stått for bass og kontrabass på plata.
– Vi har omtrent gjort alt sjølv, fortel dei.
Dei to karane fekk også med seg tre musikarar frå Nepal på ei av låtene.
– Dei var på skulen i samband med undervisninga, og vi fekk gjort eit opptak i studio som vi har brukt på ei av låtane våre, fortel Bastian.

Vokal
Dei to søskenbarna syng sjølv på alle låtane.
– Vokalen har vi spelt inn i Daniel Hauge sitt studio i Isdalstø. Han har og miksa og mastra plata. Han har gjort ein veldig god jobb, han var vi heldig med, seier Sondre.

Framtidsplanar
Dei to musikarane har mange planar for tida framover.
– Vi har starta med å planlegga konsertar og få sett saman eit liveband, fortel Sondre.
– Dette har vi store planar om å gå vidare med, det er kjekt å endeleg få spela sine eigne låtar, seier han, og legg til at dei håpar å få til konsertar i Nordhordland i tida framover.
– Vi håpar å få til konsertar først i Hordaland, så jobber vi oss vidare steg for steg ut derifrå. Og vi har allereie byrja å snakka om neste plate, den skal bli endå betre, fortel dei to.