Skinande sol over bymann og stril, varmande ord og gåvmilde gjestar gjorde dagen til ei verdig og flott markering av 100 års jubileumet til D/S Oster. Gamledampen som etter eit langt liv i fjordafart, vart seld ut av distriktet, fekk eit liv som MS Vaka, før den i 1996 vart henta heim att av ei gruppe entusiastar, for så å stiga som ein fugl Fønix opp av aska i 2000, slik konferansier Per Jon Odeen uttrykte det.

Båt og bil i byen

Både før og etter tusenårsskiftet har eldsjelane bak Nordhordland veteranbåtlag og gode støttespelarar gjort ein formidabel innsats med fjordabåten som heile tida har levd vidare i Ivar Medaas og døveprest Hammer si vise; ”Dar kjem dampen”. Oster er sjølvaste Dampen, med stor D. Og når så båten som brakte bymann og stril saman, og som i si tid kom til Bergen same dagen som det for første gong kjørte ein bil i byen mellom dei sju fjell, fyller 100 år, er det klart det må feirast. At jamngamle D/S Børøysund er med på å kasta glans over arrangementet, er berre ekstra stas for dei involverte.

Sleppa hamneavgift

Blant dei mange som helsa D/S Oster på den store dagen, var fylkesmann Svein Alsaker.

- Også folket på strilelandet har gripe den nye tid, difor er det viktig med bindeledd mellom det som var, er og ligg framfor oss, sa han og gav som så mange andre Nordhordland veterabåtlag honnør for deira innsats.

Fylkesmannen hadde ikkje med gåve, men nytta sjansen – med hamnedirektøren og leiaren i hamnestyret tilstades - til å koma med eit ønske om at veteranbåtane i Bergen måtte få sleppa hamneavgift. Noko dei begge lova å ta med seg til neste styremøte.

Gåvedryss

Fungerande riksantikvar Sjur Helseth gav Oster 150.000 kroner til brannsikring om bord, og til sikkerheitsoplæring av mannskapet.

- Oster er ei god vernesak, sa han og overrekkte samtidig ei oljekanne til dei som jobbar i maskina.

Fylkeskultursjef Ingebjørg Astrup overrekte 100.000 kroner og ei bok om norske fyr, for å unngå meir landkjenning.

Frå Stiftelsen UNI fekk Oster og Børøysund 100.000 kroner kvar.

Lindås-ordførar Astrid Byrknes imponerte med å fletta inn fleire strofer med song frå ”Dar kjem dampen” i si helsing.