Dag Otto Lauritzen: – Pappa, du var meir tilstades når me budde i Belgia enn no

KNARVIKKONFERANSEN: Geir Lippestad, Per Fugleli og Dag Otto Lauritzen pratar på årets konferanse.

KNARVIKKONFERANSEN: Geir Lippestad, Per Fugleli og Dag Otto Lauritzen pratar på årets konferanse. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Dag Otto Lauritzen opna årets Knarvikkonferanse med eit innstendig ynskje om å lagarbeid og å vera tilstades for ungane sine.

DEL

Knarvikkonferansen 2013 opna på måndag med foredrag frå Dag Otto Lauritzen.

Han snakka om tida si som fallskjermjeger, politimann og syklist gjennom eit langt liv.

Men det han brukte mest tid på, var kor viktig det var for folk, både vaksne og ungar, å verta sett.

LES OGSÅ: Store namn til KnarvikMila

– Då eg kom heim frå sykkelkarriera mi i utlandet stupte eg rett ut i ein ny jobb som eigedomsmeklar. Då jobba eg gjerne 14 timars dagar, men eg følte alltid at eg burde jobba meir, sa han.

Ikkje overraskande gjekk det utover familielivet til Lauritzen som hadde kone og to barn heime.

– Ein dag sa dottera mi, som då var åtte år gammal, at «Pappa, du var jo meir heima når me budde i Belgia enn kva du er no», fortalte han.

Til slutt sette kona foten ned og byrja å stille krav til Lauritzen.

LES OGSÅ: Knarvikmila hoppar i det med nytt tilbod til utviklingshemma

– Ho kravde at eg kom heim til middag kvar dag klokka 17, fortalte han. Men sjølv det var ikke nok nok for han. For han hadde alltid jobben med seg, eit sal som kverna i hovudet eller andre jobbrelaterte tankar.

– Men til slutt fekk eg meg ein skikkeleg vekkar av sonen min som ville fortelja meg noko viktig i som hadde skjedd han i løpet av dagen når han var seks år gammal. Men det går litt seint når han skal fortelja noko og eg fekk ikkje med meg kva han sa til meg. Då spurte eg han om han kunne fortelja det ein gong til til meg, fortalte Lauritzen.

Men det var ikkje sonen interesert i.

– Nei, pappa. Augneblinket er vekke no, sa sonen min til meg, sa Lauritzen frå scena på Nordhordland folkehøgskule.

– Det handlar om å vera til stades når ein er der, sa han.

Og viste til at det langt frå berre var han som ikkje var til stades.

LES OGSÅ: Charlotte Nielsen sluttar i Knarvikmila

Lauritzen fortalde om då sonen hans spelte fotball og kor lite foreldre stiller opp då og.

– Det var 20 ungar på laget, og med skillsmisser og alt var det truleg over 50 foreldre involvert. Men i løpet av dei ti åra han spelte fotball var det kanskje fem - seks foreldrepar som stilte opp for ungane sine heile tida. Og eg trur ikkje det er så kjekt på jobbane til folk at de ikkje har tid til å følga ungane dykkar på ein fotballkamp eller skuleavslutning, sa han.

– Ungar elskar den merksemda de gjer dei. og har de ikkje tid til å vera med dei, då bør de ta ei perspektivendring, sa proppellen frå Grimstad.

I tillegg til Lauritzen skal mellom anna Geir Lippestad og Per Fugleli prata frå scena til Knarvikkonferansen.

LES OGSÅ: Helge fekk Frivilligprisen

Artikkeltags