Brutale Bovara

RESPEKT FOR LESARANE: - Mine bøker er ikkje for alle og ein kvar, men det er ikkje ønskeleg heller, seier forfattar Jan Roar Leikvoll.  
 - I skapingsprosessen er det mitt eige. Eg er glad i lesarane mine, og har stor respekt for dei. Samtidig ville eg aldri tatt hensyn til nokon når eg skriv, det ville vore heilt feil, seier han.

RESPEKT FOR LESARANE: - Mine bøker er ikkje for alle og ein kvar, men det er ikkje ønskeleg heller, seier forfattar Jan Roar Leikvoll. - I skapingsprosessen er det mitt eige. Eg er glad i lesarane mine, og har stor respekt for dei. Samtidig ville eg aldri tatt hensyn til nokon når eg skriv, det ville vore heilt feil, seier han.

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Jan Roar Leikvoll sin bok Bovara er siste bok i ein trilogi med mørke sinn, brutale handlingar og grusomme skildringar. Men etter å ha lest bøkene er det sjølve opplevinga av den vakre språkbruken, nydelege nynorsken og poesien ein sit att med.

DEL

– For meg er språket utruleg viktig, eg har alltid vore glad i godt språk, og irriterer meg over å lesa bøker der eg ser at det kunne vore gjort så mykje betre, seier Jan Roar Leikvoll.
Nh møter forfattaren på heimlege trakter på Frekhaug der han vaks opp. Regntunge gråskyer heng lågt og slepp tunge dråpar over landskapet.

Ikkje for alle

– Mine bøker er ikkje for alle og ein kvar, men det er ikkje ønskeleg heller, fortel Leikvoll.
– I skapingsprosessen er det mitt eige. Eg er glad i lesarane mine, og har stor respekt for dei. Samtidig ville eg aldri tatt hensyn til nokon når eg skriv, det ville vore heilt feil, seier han.
På tirsdag viste bokprogrammet på NRK2 eit nært og ærleg portrett av Leikvoll. Han fortalde om korleis Bovara og dei to foregåande bøkene vart skrive i ein periode av sorg og raseri, kjensler som stammar fra sjukdom og angst.
– Det føltes veldig rett, og det var naturleg å fortella om dette etter at trilogien var avslutta, fortel Leikvoll. – Men no kjem eg til å la den ballen ligga, det er eit avslutta kapittel, seier han.

Bokprogrammet

I serien med fire portretter som bokprogrammet sender i år er Leikvoll i god selskap med forfattarane Jon Michelet, Ketil Bjørnstad og Herbjørg Wassmo.
– Eg sette stor pris på Bokprogrammet, og har fått overveldande mange tilbakemeldingar både frå kjente og ukjente, fortel Leikvoll. Han fortel at han alltid har fått mykje respons frå lesarane sine, nok som han set høgt.
– Å få sjå at ein har hatt innvirkning på menneske er utruleg givande. Det er fantastisk å kunna skapa noko som folk vil bruka timesvis, dagesvis, ja kanskje veker av livet sitt på å lesa, seier han.

Du kan lesa meir om Jan Roar Leikvoll på nh sine temasider i papiravisa lørdag.

Artikkeltags