Bruprosjektet tok 15 år

Artikkelen er over 14 år gammel

Det er berre tre år sidan prosjektleiaren var ferdig med brusaka. Då var siste oppgjer med entreprenøren i hamn. Og då var det 15 år sidan Jan Olav Skogland starta på flytebru-prosjektet.

DEL

– Allereie i 1986 byrja eg å jobba med flytebrua over Salhusfjorden, sjølv om den først vart eit formelt prosjekt i 1988, seier Jan Olav Skogland ved Statens Vegvesen. Først etter årtusenskiftet kunne han leggja Nordhordlandsbrua vekk for godt – då var siste runden mot entreprenøren unnagjort i rettsapparatet.

Skogland sa i eit intervju med nh for ti år sidan, at ”den dagen eg står utan ansvar for brua skal eg takla utan det minste abstinenssymptom”.

– Det står eg ved. Eg har hatt eit voldsomt godt forhold til prosjektet, og har tatt mykje besøkande med på brua – seinast før ferien kom ein delegasjon på rundt 30 personar frå Korea. Då er det enklast at vi som har jobba mykje med brua, steppar inn og viser rundt.

Hausten 1999 var Skogland ferdig med vestre innfartsåre. Deretter jobba han med såkalla fusjonskontrakter til desse vart brått stoppa av ESA. Sidan har han vore i Bergensprogrammet – ei arbeidsgruppe som har med kollektivtrafikk å gjera. Innimellom har han også jobba med ombygging av bomstasjonane. ei ad hock sak som var nødvendig å få raskt på plass.

Kor lang er eigentleg Nordhordlandsbrua, 1614 eller 1610 meter?

– 1614 meter er det rette, men for at det skal vera nokonlunne praktisk vert lengda avrunda til næraste heile ti-tal. Det er då berre ei personbil-lengd i forskjell, og eg har ikkje høyrt ei einaste sur mine for at det står 1610 meter på bruskilta, seier Skogland. Sjølv har han reist i snitt ein gong i halvåret over brua i desse ti åra, til kjende som har sommarhus på Mongstad. – Eg har ikkje klyppekort, men betalar dei 45 kronene med glede, forsikrar den aktive karen som kjem frå Kopervik, men har vore tilknytta Statens Vegvesen Hordaland sidan 1975.

Artikkeltags