Bokbåten «Epos» har alltid kakestopp på Åsgard

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Langs fjordane i formidlinga si teneste.

DEL

– Eg kunne hatt 2000 fleire bøker om traktorar enn kva eg har, det får eg spørsmål etter på anna kvart stopp.

Det seier Thomas Breivik. I 24 år har han vore om bord i kulturins-titusjonen bokbåten «Epos» som bibliotekar. Han har tøffa rundt i fjordane i fylket vårt og spreidd lesegleda til unge og vaksne strilar, hardingar og sunnhordlendingar. Men det har ikkje alltid vore like lett. Truleg er han den mest sjøsjuke bibliotekaren i NATO. Særleg ein gong var Breivik redd. Så redd at han frykta for livet sitt.

– vi skulle til Hernar i Øygarden og det bles orkan i kasta, fortel han. Som alle kan tenka seg, er ikkje det draumescenarioet til ein mann som slit med sjøsjuka når båten ligg til kai og voggar i bølgene. Difor gjekk han opp til kapteinen for å verta litt roa.

LES OGSÅ: – Kvifor ikkje ta livet av dei?

– Men kapteinen var så spent at knokane kvitna på roret. Då tenkte eg at dette ser ikkje bra ut, seier Breivik. Han gjekk difor ned i biblioteket, der vart han møtt av ei fontene med bøker som raste ned frå hyllene.

– Då var eg så sjøsjuk og dårleg at eg berre la meg på golvet og tenkte, no døyr eg, seier han og gliser. Men nok ein gong gjekk det heile bra og dei kom fram, like levande som då dei sette ut frå land.

Men heldigvis er det ikkje alle dagane som er like dramatiske. Ein søndag i november går avisa Nordhordland om bord på Veland og vert med over til Åsgard, for å få med oss eit lite tverrsnitt av kva som skjer om bord i ein bokbåt og kva påverknad den har på små lokalsamfunn langs fjordane våre.

På Veland møter vi Mathilde Holme Fykse som er på bokbåten med sonen Olav Fykse (7). Mathilde er glad for at kulturen kjem til Veland med bokbåten.

LES OGSÅ: Ny fotobok frå Lindås

– Eg tykker bokbåten er kjempebra. Det er kjekt at teateret kjem ut til oss, slik at det skjer litt her på Veland, seier ho. Etter mange års pause, byrja bokbåten å gå til bygda igjen for fem år sidan. På båten er ho på jakt etter krim, men enda opp med noko heilt anna. Nemleg Den talibanske krikketklubben. Sonen Olav tok med seg heim fleire bøker i Rampete Robin-serien. Og det viser seg at dei fleste unge gutane på både Veland og Åsgard ville ha Rampete Robin-bøker.

Frå hausten 1959 vart bokbåten eit tilbod til folk i Hordaland. Dei første åra var det ei skute med namnet «Abdulla» som sørga for bøker og kultur. I 1963 tok den 80 fot lange bokbåten Epos over. Totalt har bokbåten med seg 6000 bøker på eit tokt, og dei anslår at det er rundt 12.000 bøker som til ei kvar tid er ute på lån hjå folk langs kysten.

LES OGSÅ: Forlaget i fyr og flamme over Jonny si debutbok

Bokbåten går på tokt i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal to gonger i året. På dette toktet skal dei innom 53 stopp på 21 dagar i Hordaland. Medan politikarane i trivselsfylket har bestemt seg for å legga ned bokbåten frå hausten av, er den framleis trygg i dei to andre fylka. Sjølv om budsjettauken frå 2014 til 2015 berre er på 1,5 prosent i Hordaland, godt under prisstiginga.

– Eg skulle gjerne hatt meir pengar, sjølvsagt. men eg tek dei pengane eg får, seier Breivik. Det er han som styrer bokbudsjettet. I vekedagane er det i hovudsak born som er gjestene på bokbåten, då dei kjem med skuleklassane sine.

I helgane har dei vaksne fri og besøket på båten er jamnare fordelt. Denne gråe, regnfulle søndagen er det ikkje så mange som kjem om bord på Veland. Men på Åsgard er det bra oppmøte. Folk er tidleg ute for å få med seg mellom anna forfattar og illustratør Reidar Kjelsen.

LES OGSÅ: 23 boklanseringar på ein gong

Med stor innleving fortel han dei 15–20 frammøtte kor forferdeleg jenter er og får alle saman til å skvetta av sjokk og le seg fillete av forteljinga si.

– Eg kosar meg med å sjå fjesa til borna. Det er ei påskjøning kvar gong, seier han. Kvart tokt har med seg ein kunstnar av eit slag. Denne gongen er Kjelsen med på fyrste del av toktet før han mønstrar av og vert erstatta av ein annan kunstnar. Til våren er han med på andre del av toktet.

Nytt av året er og forfattartreff. På Feste fekk dei frammøtte med seg krimforfattar Chris Tvedt. Til saman er dei fem personar om bord i båten på eit tokt. To bibliotekarar, ein kaptein, ein «kokekyndig motorpassar» samt ein kunstnar. Blant dei som har dukka opp på Åsgard for å få med seg moroa er Britt Gjelsvik og Kristine Veland.

– Det er kjempeflott at båten kjem og eg er her kvar gong, seier Gjelsvik.

– Kvifor? – For det skjer ikkje så masse anna her, og så er det god underhaldning, seier ho. Ho reiser ikkje inn til Knarvik for å låna bøker i det heile, men sikrar seg ein bunke kvar gong bokbåten er i nabolaget. Veland er opphavleg frå området, men bur no på Eikanger. Men har likevel tatt turen til Åsgard for å få med seg bokbåten.

LES OGSÅ: Klasse 4 b sette ny leserekord

– Eg er van med å gjera det frå eg var lita. Samstundes så kombinerer eg det med at eg skal i eit besøk her ute, seier ho. Kvart stopp har sin eigen bokkontakt. På Veland er det Tommy Veland, som sakna båten frå barndommen sin og fekk dei til å legga til kai igjen der for fem år sidan.

Bokkontakten har mellom anna ein kasse med bøker heime hjå seg, så folk kan komma og byta bøker hjå han. Han har og ansvar for å få ut info om at båten er på veg og føra statistikk over lån i land.

På Åsgard og Ostereidet er det Agathe Gausereide som har ansvaret. Og ho syt for at det stoppet er eit av dei høgast prioriterte på turen.

– Ho har sagt til oss at om me kjem i helgane, så skal ho ha kake til oss. Så det er ikkje tilfeldig at me er her på ein søndag no og, innrømmer Thomas Breivik.

trass den digitale revolusjonen som har skjedd sidan han byrja på båten i 1990, er besøket på bokbåten stabilt. Rundt 3700 hordalendingar er om bord årleg. På Åsgard sikrar Oliver Veland Åsgard (10) seg ei bok om dragenes verd.

– Eg likar dragar, om det er fine teikningar, seier han. Boka han har funnet seg hadde eit kult bilde på framsida, så han gjekk for den.

– Det er kjekkare med bokbåt enn vanleg bibliotek, tykker han. Og ifølge bibliotekar Breivik er forklaringa enkel på at båten held seg i popularitet.

– Det er levande kultur som får folk engasjert. Det er like bra no som for 24 år sidan, sluttar han.

LES OGSÅ: Fabelprisen for fantasy-serie

Artikkeltags