Kraftsalva kjem frå spesialpedagog Oddvar Bjørnestad. Etter å ha jobba med barn og unge heile livet veit han meir enn dei fleste om barneoppdraging. Tirsdag kveld delte han sine tankar med foreldre i Austebygda.
– Vi som er vaksne kunne fortalt dei håpefulle at det er håplaust å prøva oppdra seg sjølve. Det er nemleg ikkje så lenge sidan vi prøvde akkurat det same sjølve, seier Bjørnestad, og får god respons i form av nikkande og smilande foreldre i ungdomshuset på Grasdal.
– Eg har enno tilgode å møta ein forelder som ikkje vil ungen sin det beste, men det å villa ungen sitt beste medfører at ein som forelder må ta nokre avgjerder som gjer oss upopulære. Dette kan vera tøft, men vi må våga å vera vaksne, seier Bjørnestad vidare.
– Gidd å bry deg
Barn og unge er Bjørnestad sitt spesialområde, og han har jobba med denne gruppa i både skulen og barnevernet i det som, i følgje han sjølv, må vera over 1000 år. Det meste av sitt vaksne liv har han brukt på barn og unge som har hatt det skikkeleg ille, og han har derfor sett det meste av dårlege oppvekstar.
– Det er ikkje ungane det er noko gale med, det er oppdraginga deira som er problemet. Det viktigaste for meg er at vi som vaksne gidd å bry oss om korleis ungane skal ha det. Får ein unge eller ungdom problem, kan eg garantera at det er minst ein vaksen som må ta seg saman, seier han.
– Ver engasjerte
Bjørnestad fortel at han ofte vert møtt med kritikk frå folk som føler seg mistenkt når han kjem med desse påstandane.
– Folk må få vera kritiske om dei vil, men eg veit at det ikkje nyttar å seia til ein ungdom at no må han eller ho skjerpa seg. Det har du sagt i mange år allereie. I ein periode av livet må vaksne setja sine eigne behov til side, og la barna sine behov komma først, seier han.
– Med det meiner eg ikkje at ungane skal få det akkurat slik dei vil, tvert imot er det vi som foreldre som må setja grenser. Men vi må vera engasjerte i ungane våre. Det er viktig for ein god oppvekst, seier han.
Populært foredrag
Bjørnestad kom med fleire triste eksempel på korleis barn og unge ikkje skal behandlast, men hovudsakeleg var foredraget hans, som over 80 000 personar i tre land har fått med seg, lagt opp som ei rekkje gode råd til foreldre. Forteljargleda og engasjementet til spesialpedagogen fanga publikum si interesse frå første stund, og dei vart verande i knipetaket hans heile foredraget igjennom.
Bjørnestad var leigd inn med hjelp av midlar frå det såkalla Midttun-fondet, bygdekvelden tirsdag var eit samarbeid mellom Helselaget, Ungdomslaget, Meland kommune og Austebygda Fritidspark. Reidar Øvretveit, som er leiar i fritidsparken er glad for at han fekk med seg foredraget til Bjørnestad.
Fokus på trivsel
– Han var kjempeflink. Tydeleg at han har gjort dette før. Med den innlevinga han hadde gjekk kvelden unna i ein fei, sjølv om vi heldt på i tre timar, seier Øvretveit, som trur dei mange frammøtte delar hans syn på foredraget.
Interessa for oppvekst og trivsel er stor i Austebygda, og fritidsparken, med den nye ballbingen i sentrum, er ein viktig detalj i prosessen. Øvretveit fortel at planane er mange utover våren og sommaren.
– Bingen er jo møteplassen for både barn og vaksne, og når det byrjar og vårast litt er planen å få på plass ei sittegruppe og nokre grillar same stad, seier han.
Engasjert bygd
Bingen, som ligg på Moldekleiv, er flittig i bruk sjølv om vinteren, og Øvretveit fortel om eit stort engasjemnet frå innbyggarane i bygda.
– Dugnadsinnsatsen med bingen var enorm, og interessa for å få til noko i bygda er likeeins. Vi har allereie kalla inn til idédugnad neste veke, seier han.
Eksakt kva som skal skje rundt bingen er enno uvisst, men potensialet er stort.
– Vi har allereie planta frukttre og bærbusker i området, og til sommaren skal ein av dei som bur her visa oss andre korleis desse skal skjerast og haldast vedlike. Fleire gode idéar kjem nok til, seier Øvretveit.