Aslaug Låstad Lygre

Artikkelen er over 13 år gammel

Ho var lita og spe, men Aslaug Låstad Lygre (1910-1966) ruvar som ein av dei aller fremste lyrikarane i etterkrigstida her i landet.

DEL

I år er det 95 år sidan Lindås-diktaren Aslaug Låstad Lygre vart fødd. Sjølv gjekk ho bort berre 56 år gamal, men livsverket hennar lever vidare. ”Du skal ikkje sova bort sumarnatta” har vorte allemannseige.

–Dei beste dikta er bortimot lytelause, og dei er djupt musikalske. Det var songbotn i Aslaug Låstad Lygre, uttalte Ivar Eskeland i forordet til ”Dikt i utval”, som kom ut på Gyldendal i 1978. Her er dikt frå fem av dei seks diktsamlingane hennar representert.

Eskeland understrekar eit sterkt personleg preg i dikta hennar. Vemod, alvorstunge stemningar og sår lengsel er tema i mange av dikta, men det er og opning for livsunderet og naturmysteriet, påpeikar Eskeland.

Vakre naturskildringar

Fantastiske naturskildringar pregar mange av dikta hennar. Lyrikken er knytt til den bildeverda ho kjende frå naturen i Nordhordland, med sjø og karrig landskap, som ho løftar opp til symbol i ei personleg og tradisjonsbunden dikting. Ho formidlar levd og lidd liv, og skriv om det daglege og nære, og om skiftande årstider og natur. I ein del av tekstane sine hentar ho motiv og engasjement knytt til kristen-humanistisk tradisjon i europeisk åndsliv, og med ei bombeherja verd som bakgrunnsteppe.

Ho er ingen protesterande samfunnsreformator, men ei eldsjel med ei høgst personleg utstråling og form, skriv Eli Oftedal i VG om boka ”Dikt i utval”.

Fleire tonar

Geirr Tveitt har sett tone til ”Sumarnatt” og ein god del av dei andre dikta hennar. Den seinare tid har både Radøy-trubaduren Kåre Håland og Linda Fosse Hagen med opphav i Alversund, skrive melodiar og utgitt CD med hennar stoff.

Mange av dikta hennar fann vegen til lesebøkene, og har også vore mykje brukt av skodespelarar i ulike samanhengar.

– Ho er vår Alf Prøysen, eller Haldis Moren Vesaas om du vil, og fortener å bli allemannseige, seier Linda Fosse Hagen i samband med utgjevinga av ein CD med Låstad Lygre-dikt ho har laga musikk til.

Dikterisk gjennombrot

Aslaug Låstad Lygre følte eit kall til å skriva. Men som strilejente fekk ho ikkje berre ståande ovasjonar for si dikting – ho vart også møtte av jantelova og ”du skal ikkje tru at du er noko”. Det gjev ho uttrykk for i diktet ”Du strevar trutt”.

Etter studieåra på Fana folkehøgskule, Voss landsgymnas og handelsgymnas i Bergen, vart ho buande i Bergen. Mange av dikta hennar vart til etter kontortid på ein liten hybel i byen. Lengste arbeidsdagen sin hadde ho som økonomimedarbeidar i Vestlandske salslag.

Sjukdomen greip tidleg sterkt inn i livet hennar. Ho fekk tuberkulose og var ei tid på Luster sanatorium. ”Vi skal ikkje sova bort sumarnatta” vart til i dødsstemning på sanatoriet. Det var under dette opphaldet mange meinar at ho vaks fram som diktar av større format. Den andre diktsamlinga hennar, ”Eld av steinar” kom i 1948, etter at ho hadde vore gjennom denne sjukdomsperioden.

Den tredje diktsamlinga, ”Den einsame roaren”, vert rekna som hennar verkelege dikteriske gjennombrot. Mange av dikta her vitnar om eit visst tungsinn.

I diktet ”Den einsame roaren” har Aslaug Låstad Lygre fått inspirasjon frå ei dagleg hending: Rutebåten til Vågseidet gjekk gjennom Haukåsstraumen nett nedanfor, og lyktene måtte då vera kveikte om kvelden for å visa leia gjennom det smale sundet.

Mild og kjærleg

– Aslaug har eit mildt og kjærleg sinn. Hjå henne finst ikkje den minste skugge av hat, misunning eller trong til å såra. Hjå henne finn ein lengt etter fred i hjarta og fred på jorda. Hjå henne kan ein lesa seg glad, skreiv litteraturanmeldaren Ragnvald Skrede i Dagbladet etter at Aslaug Låstad Lygre kom ut med si femte diktsamling, ”Fest i september” i 1960.

Her er det eit meir lågmælt melankolsk tonefall over dei fleste av dikta, gjennom naturbilde og refleksjonar. Ho lar naturen spegla sitt eige menneskesinn. ”Stor er stilla” og ”Bera ei sorg” er eksempel på at ho strir med eit tungt sinn.

– Ja, eg er visst av det alvorlege slaget. Men eg kan no le når eg først kjem på glid, seier ho i intervju med BA. – Eg skriv om alle små ting eg ser omkring meg. Det er helst naturen som inspirerer, seier ho.

Tente lys i mørket

Mange av dikta i hennar siste diktsamling, ”Primulakveld”, som kom ut to år før ho døydde, handlar om dødens mysterium.

– Gjennom diktinga si ønskte Aslaug Låstad Lygre å tenna lys i mørket. Difor skein det også eit etisk alvor over det ho skreiv, fastslår Kristian Bakke, mangeårig rektor på Fana folkehøgskule, i minneordet om Aslaug Låstad Lygre.

På Lindås vart det i 1982 reist ei minnestøtte over den folkekjære lyrikaren frå Nordhordland.

Artikkeltags