50 års jubileum for lærar og elev

Artikkelen er over 15 år gammel

– Dette er ein flott plass, men bøkeskogen er borte. Den sette sitt preg på omgivelsane her, seier Ingrid Espelid Hovig. Husmorskulen er historie for lengst, golfspelarane har overtatt arenaen på Fløksand.

DEL

Heile norges kjøkkenkjendis er tilbake på gamle tomtar, der ho sjølv var elev i 1943 og lærar i 54. Her i golfarane sitt paradis blir det eit hjarteleg møte mellom Ingrid og ein av elevane hennar i kullet for femti år sidan, Kari Fløysand. Etter først å ha treft kvarandre under Knarvik-konferansen torsdag kveld, la dei i går turen til Fløksand i går for ein piknik på golfbana.

Vårt jubileum

– Du ser akkurat ut som du alltid har gjort, seier Kari hjarteleg. Og det er ein sprek 80-åring som framleis reiser land og strand rundt og spreier matglede.

Knarvikmila sine kokkar har diska opp med herleg lunsj. På eit bord av stein blir dei deilige rettane lagt ut, med ein raudrutete duk til underlag. Grovbrød, laks, eggerøre, ost og skinke, og andre godsaker.

– Dette får vera vårt vesle 50 års jubileum, seier Ingrid.

– Maten er forresten alltid god og velsmakande på Knarvikmila, og alltid variert, fint anretta, og rikeleg, seier seier ho.

Trampa i golvet

Då Ingrid var elev på husmorskulen var det ikkje innlagt elektrisitet. Eit aggregat gav lys, men alt måtte kokast på ein stor ved- og kolfyrt komfyr i kjellaren. – Som lærar kom eg til ein topp modernisert og ombygt skule, minnest ho.

Kari hugsar godt ein episode då Ingrid trampa i golvet og gav henne skikkeleg kjeft.

– Eg skulle steikja noko i eit vannbad i steikjeovnen. I staden for å tømma ut det kokande vatnet frå langpanna i ei bøtte når eg var ferdig, tok eg panna med meg mot vasken. Det hadde vi fått streng beskjed om at vi ikkje skulle gjera, for at vi ikkje skulle risikera å få vatnet over oss og bli brent.

– Ja, eg kunne bli sint, seier Ingrid.

– Eg har aldri gjort same tabben seinare, forsikrar Kari, og gamlelæraren smiler tilfreds.

– Du var heilt sikkert ein mønsterelev, seier ho.

– Det trur eg ikkje, men eg lærte i alle fall mykje på husmorskulen, seier Kari

Gift med ein ”mons”

Kari vart verande på Fløksand etter at dei tre månadane på husmorskulen var over. Ho vart kapra av ein av ”monsane” i blå kassebil. Kari og Torolf gifta seg to år seinare, og fekk tre born.

– Eg har hatt eit godt liv, seier Kari til Ingrid. Men det var tungt då Torolf gjekk bort for tre år sidan, berre 68 år gamal, fortel ho. Dei to kvinnene utvekslar erfaringar om levde liv, også Ingrid har opplevd å mista sin kjære.

Kari nyttar sjansen til å spørja sin tidlegare lærar om eit råd når ho no skal laga rognebær-gele.– Du treng ikkje bruka epler som tilsetjing, det går heilt fint utan, seier ho.

Det blir naturleg mykje matprat mellom Ingrid og Kari. Begge er einige om at grovbrød er best, og synest det er synd at ein del eldre berre et kvitt brød.

– Og eg er heilt einig med deg i at det er viktig også for eldre å koma seg opp om morgonen og få i seg frukost, seier Kari.

Artikkeltags