18 hol for brystkreftsaka

EI GOD SAK: - Flott at Meland golfklubb og mange andre golfklubbar i landet har engasjert seg i brystkreftsaka, seier Turid Hesjedal frå Meland.

EI GOD SAK: - Flott at Meland golfklubb og mange andre golfklubbar i landet har engasjert seg i brystkreftsaka, seier Turid Hesjedal frå Meland.

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Ei heilt spesiell golfturnering.

DEL

Sjeldan har ein 18 hols runde på golfbana på Fløksand hatt større betydning enn søndag. Då gjekk golfarane nemleg for brystkreftsaka.

– Heilt supert at Meland og mange andre golfklubbar i landet arrangerer denne Pink-turneringa. Klart det er ekstra meiningsfullt å gå ein runde når du går for ei så god sak. I tillegg får du super trim og flott naturoppleving å ta denne runden, seier Turid Hesjedal. 54-åringen frå Frekhaug var ein av 62 i Pink-turneringa.

Innlagt straffegebyr

Inngangsbilletten til Pink-turneringa var på minst 200 kroner, men mange la meir i potten.?Og undervegs måtte dei fleste ut med meir pengar.

Dette er nemleg inga vanleg turnering. Her er det ingen premie til vinnarane. All inntekta frå turneringa går til brystkreft-forsking og styrking av tilbodet til dei brystkreftopererte, seier Rune Mjøs, dagleg leiar i Meland golfklubb.

Mange av deltakarane måtte ut med straffegebyr undervegs. Alt i starten kunne du kjøpa deg eit ekstra utslag. – Klart vi slo til på det, smiler Turid Hesjedal.

På eitt hol var det klart for golfquiz, og feil svar gav ytterlegare kroner til den gode sak. Ein annan stad måtte deltakarar som slo i bunkers eller vatn, ut med løysepengar for å koma seg vidare.

I veldig godt selskap

–Eg burde nok betalt ekstra for å få vera med i eit så hyggeleg dameselskap. Då får det heller våga seg at det ikkje har gått så veldig bra i dag, smiler ostringen Magnvald Hjelvik.

Les meir om Pink-turneringa i Nh på onsdag.

Artikkeltags